Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Blåfjellet i Askvoll

Dato:
16.04.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:53t
Distanse:
8,1km

Fint vær denne dagen også. tørr og fin sti. Vind på toppen, men rett nedanfor Blåfjellet var det stille nok til at eg kunne nyte lunsjen min med sol og flott utsikt. Fann ut at det ikkje var så frykteleg langt til neste topp, så eg tok ein tur via Eggene/Siktanuten. På returen tilbake var det varmt og fint og med fuglekvitter. ein skikkelig vårfølelse.

Kart    

Hesjetinden og Bergsheia

Dato:
15.04.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:30t
Distanse:
10,0km

Starta frå Mørketjønnbotnen og fulgte merka rute opp mot Hesjetinden. Over til Bergsheia var det lite/ingen merking og ikkje nokon tydeleg sti. Fann ein meir eller mindre sti tilbake til Hesjetinden. Tydeleg sti ned til dagsturhytta. Merkt frå dagsturhytta tilbake til bilen. Det siste stykket var stort sett myrete og ikkje noko for småsko. Nydeleg vær denne dagen og betre enn værmeldingane har meldt .

Kart    

Hestvikvatnet

Dato:
14.04.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:52t
Distanse:
5,2km

Formen har ikkje vore den beste dei siste dagane, så det har vore eit par findagar utan tur. Prøvde i dag på ein lett og fin tur opp forbi den berykta Hunsåna. Stien går over berget som er eit av norges mest rasfarlege vegstrekningar. Då eg gjekk der, så såg eg kor bratt det er ned fjellsida ned mot fylkesvegen. Og fleire tre har kvelva i bakken. Høyrte også fleire mindre ras av snø opp i Helevangsstaurane. ruta går i trygg avstand frå rasa, men likevel ganske nær fjellet. Nede ved Hestvika traff eg på ein saueflokk med lam. Det er alltid litt kjekt å sjå dei spretne lamma når dei først kjem ut på beite.

Kart    

Nasakletten

Dato:
11.04.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:17t
Distanse:
3,0km

Starta opp vegen mot ryggen. Men fann ut at det mest truleg var mykje snø. Prøvde difor å finne ruta eg gjekk sist ned. Det endte med baksing i buskene. Prøvde å finne ei betre rute nedatt. I starten var det meir basking i busker, Men fann til slutt ein fin rute ned siste stykket og tilbake i bilen.

Kart    

Espenipa/ Skåfjellet

Dato:
10.04.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:10t
Distanse:
4,9km

Parkerte like ved Einestølen. Fulgte tydeleg sti opp til snøen. Vidare oppover brukte eg brodder og gjekk i spora til andre. Mista broddane på veg nedover, så eg måtte gå oppatt eit stykke for å hente dei.

Kart    

Blomfjellet

Dato:
09.04.2023
Turtype:
Trugetur
Turlengde:
4:45t
Distanse:
16,9km

Fann ut at det var litt skare ved turstart, så eg tok trugene. Opp med Norddyttingen fann eg ut at det beste hadde nok vore ski i staden for truger. Men men.. Eg var i alle fall ikkje aleine på fjellet. Bratt ned frå Blomfjellet til gravvatnet.

Kart    

Olsetåsen

Dato:
08.04.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:25t
Distanse:
1,6km

Kort og grei tur.

Kart    

Eikenesstølen

Dato:
08.04.2023
Turtype:
Fjelltur

Kart    

Bakkekletten og Bogeåsen

Dato:
08.04.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:17t
Distanse:
5,1km

Kart    

Kletten frå Kvalsvik

Dato:
07.04.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:19t
Distanse:
4,2km

Fin og kort tur til Kletten. lettgått og fin utsikt på toppen.

Kart