Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Runde

Dato:
19.07.2022
Turlengde:
4:56t
Distanse:
10,7km

Familietur til Runde. Tilbringer ferien i Fosnavåg sammen med mine to søstre og familier. Til sammen 10 stk og avtalen var at vi måtte til Runde for å sjå om vi fann fuglar i Fuglefjellet. Bratt opp asfaltert sti før det flatar ut og over på meir tilrettelagt sti. Litt bratt opp for enkelte av turfølget. Men alle kom seg opp til utkikkspunktet mot fuglefjellet. Eg hadde ein liten avstikkar mot Sandshornet før vi skulle på Rundabranden. Ein liten pitstop på Rundabranden før nokre av turfølget skilte lag. Eg og 3 andre tok ruta ned til fyret, medan dei andre tok returen ned til parkeringsplassen. Dagen etter kunne ein lokal dame fortelle om at Lundefuglen er ute fram til ca kl 20 på kvelden og det er då ein kan få "nærkontakt" med desse fuglane. Ellers ein fin tur der >>>

Kart    

Fosnavåg og Hornseten

Dato:
17.07.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:06t
Distanse:
5,3km

Etter ein køyretur frå Førde til Fosnavåg, der været ikkje har vore det beste den siste tida. Etter å ha booka inn på hotellet, såg eg an til at det kunne være tendensar til fint vær. Tok sikte på at Hornseten var bra. Og jammen traff eg blink. Flott vær med sol, sjølv om det var noko vind, så gjorde det ikkje noko. Bratt opp skaret, ellers ein lettgått tur.

Kart    

Viefjellet

Dato:
16.07.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:46t
Distanse:
4,7km

Kart    

Fauskevarden og Nordheia

Dato:
12.07.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:29t
Distanse:
9,3km

tok sjansen på å rekke ein kjapp tur før regnet kom. Vindfull tur til Fauskevarden. På returen kom regnet. Tok ein svipp oppom Nordheia før eg for heim igjen. Regnet kom for alvor på veg ned frå Nordheia.

Kart    

Steinheia og Ramstadnipa

Dato:
11.07.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:07t
Distanse:
10,4km

Klarte å gløyme å sette på sporing i starten av turen, så eg redigerer km. Returen ned viser kor eg gikk opp.

Kart    

Gytta

Dato:
10.07.2022
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:27t
Distanse:
1,9km

Kart    

Halbrendsnipa

Dato:
10.07.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:02t
Distanse:
9,4km

Endeleg opplett og tendensar til fint vær.

Kart    

Storehesten

Dato:
07.07.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:25t
Distanse:
12,3km

Klarte ikkje heilt å bestemme meg for turmål, men etter nokre dagar med regn, fann eg ut at Storehesten var trygg og kjent til å bestige. Oppe ved Dagsturhytta fann eg ut at eg skulle prøve meg opp egga sidan tåka ikkje var så tett. Fulgte merka rute opp, men eit par parti var det snø, som skulte merka. Var litt fram og tilbake før eg fann ruta opp ( tillegg til tendens til nervøsitet). Tåka dekka ikkje til toppen før eg nesten var oppe. På toppen var tåka tett og eg tok berre ein kjapp matpause før eg fann ut eg skulle gå nedatt den vanlege vegen. Men... etter å ha starta nedturen, letta tåka og eg for opp igjen for å få tatt nokre bilder til med utsikt. Tåka letta heilt og det vart til og med litt sol på veg nedatt, det var heilt fantastisk følelse med varme fra sola >>>

Kart    

Gytta

Dato:
02.07.2022
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:28t
Distanse:
2,0km
Kart    

Steinkorsen og Blåfjellet

Dato:
01.07.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:48t
Distanse:
15,2km

Det var meldt noko gråare vær framover og då er det om å gjere å nyte den siste ordentlige solskinnsdagen før gråværet kjem. Ei stund sidan eg har vore på dette Blåfjellet, så eg tenkte det var på tide. Turen er jo ein skikkelig gromtur med tanke på at det er berre å gå lenge og langt når ein først er komen opp på Steinkorsen. Og sola var med heile vegen. Hadde ein god pause på Blåfjellet der eg berre satt og naut sola. Traff på ein som såg ut til å planlegge overnatting på fjellet denne kvelden og lurte på korleis det gjekk med han sidan været skifta rett etter at eg hadde kome meg i hus.

Kart