Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Holtsnipa - endeleg

Dato:
16.06.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:52t
Distanse:
8,5km

Endeleg ferdig med eksamen. Og eg hadde lova meg sjølv ein fjelltur. Tenkte vi skulle innom Tormodsetstølen, men vi fann ut at vi skulle vidare til Holtsnipa. Kanskje litt ambisiøst å gå utan mat på turen. Men vi kom oss opp. Eg har vanlegvis høyrt om ruta frå Fylling, men han vi møtte på veg nedatt, meinte at denne ruta var den beste. Kanskje fordi han har hytte opp ved Litlevatnet. Stien opp til Tormodset var full av spindelvev, så det var å finne ein pinne å slå foran seg for å sleppe noko av spindelvevet som klistra seg oppetter kroppen. Litt snø på ruta, men ikkje verre enn at vi kom oss opp utan å gå gjennom.

Kart    

Fjellro - Dagsturhytta i Jølster

Dato:
14.06.2020
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:57t
Distanse:
3,6km

Ny pause i studiane. Denne gongen besøk til Dagsturhytta på Skei.

Kart    

Steinkorsen

Dato:
13.06.2020
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:15t
Distanse:
7,4km

Pause i studiane. Var innom dagsturhytta på veg opp. (oppdaga seinare at eg ikkje hadde "sjekka inn" på DNT sjekkut appen... vi må ein tur til )

Kart    

Bergsheia

Dato:
12.06.2020
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:25t
Distanse:
7,5km

Det er merka ny sti før garden på Sele. Og det er laga ny bru over elva, slik at ein slepp å gå gjennom tunet. Elva var stri i dag.

Kart    

Kyrkjelistølen

Dato:
10.06.2020
Turtype:
Fottur
Turlengde:
3:07t
Distanse:
8,2km

Ein fin tur i flott vær. Turen går frå Hestad bedehus langs fv610 opp i eit hyttefelt. Tydeleg sti.

Kart    

Nordheia

Dato:
08.06.2020
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:23t
Distanse:
4,6km

Kart    

Kjelstadnakken

Dato:
07.06.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
6:19t
Distanse:
14,1km

Starta ved Kjelstad denne gongen også. Stien er rimelig bratt, så vi vurderte å gå nedatt via Skudalstølen. Vi fekk tips frå nokre som var oppe ved Kjelstadstølen at det var ei fin rute, men muligens litt snørikt. Då var det gjort og vi tok returen via Skudalstølen. Eg håpte vi skulle finne den merka løypa mellom Kjelstad og Skudalen, men vi fann ikkje råka, så då vart det nærare 2 km på asfalt. Vi hadde litt skodde på vegen, men den forsvann like fort som den kom. Konklusjonen er at ruta ned ikkje er fullt så bratt som ruta opp.

Kart    

Årnesholten

Dato:
05.06.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:01t
Distanse:
7,9km

Fin ettermiddagstur. Fann ut at vi ikkje ville over snøfonnene på veg opp, så vi tok den raskaste vegen opp. Vart litt klyving her og der. Retur den ruta eg har funne tidlegare. Snøen bar, så det var ikkje så ille.

Kart    

Smådalsnipa rett før uværet

Dato:
03.06.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:22t
Distanse:
7,6km

Fin ettermiddagstur. Opplett heile vegen. uværet med lyn og torden kom då vi var komen i bilen.

Kart    

Furnesstølen

Dato:
02.06.2020
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:57t
Distanse:
4,8km

Kveldstur.

Kart