Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Blåane

Dato:
22.10.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:53t
Distanse:
7,9km

Kart    

Brandsøyåsen

Dato:
21.10.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:18t
Distanse:
4,5km

Søsteren har lenge snakka om å ta ein tur på Brandsøyåsen og då fann vi ut at denne dagen passa bra. Sjølv om det ikkje var meldt så bra vær, så var vi veldig heldige. Tok ein tur utom Florø sentrum og opp mot Storåsen for å sjå det fine lyset.

Kart    

Nordheia - Djupviknipa

Dato:
19.10.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:15t
Distanse:
4,5km

Kart    

Fuglefjell

Dato:
18.10.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:24t
Distanse:
4,1km

Dagens tredje tur. Denne gongen frå Bossdalen og opp på Fuglefjellet.

Kart    

Kolgrovheia

Dato:
18.10.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:22t
Distanse:
3,4km

Etter turen til Sågneskollen tok eg sikte på Kolgrovheia. Turen starta med litt regn, men det gav seg etter ei lita stund. Satsa på den kortaste ruta opp og køyrte mot Kolgrov. Godt merka sti opp til toppen. Litt blautt i stien, som gjorde det greitt med fjellskoa.

Kart    

Sågneskollen

Dato:
18.10.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:54t
Distanse:
4,7km

Litt snø i høgda i Sunnfjord og noko regn då eg for frå Førde. Starta ved Sågnes, der det er markert Stistart. Fulgte ein godt merka sti oppover til toppen. Slakt og fint i starten av stien. Litt bratt på slutten. Men absolutt ikkje uoverkommeleg. Noko blautt enkelte parti. Greitt med gode fjellsko på turen.

Kart    

Husnova

Dato:
16.10.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:57t
Distanse:
4,6km

Kart    

Solheimsnipa

Dato:
15.10.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:15t
Distanse:
7,2km

Fint og vindstille ved Ramsdalsnipa.

Kart    

Djupviknipa

Dato:
13.10.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:21t
Distanse:
4,5km

Kart    

Rundtur i Jølster

Dato:
11.10.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:16t
Distanse:
12,2km

Starta med litt yr då eg gjekk frå bilen, men det trur eg var berre for å skremme. Fulgte merka løype opp til Nipa. På veg opp var det lite tåke over Nipa, men då eg kom opp på toppen var det lite sikt. Eg tok difor ikkje sjansen til å gå vidare på den stien eg hadde tenkt. Gjekk nedatt eit stykke frå den merka stien eg gjekk opp. Etter kvart så letta tåka på Storefjell, så eg sikta meg inn på skaret mellom Nipa og Storefjell og karra meg opp bakkane. Litt tung og bratt tur, men eg kom meg no opp. På veg nedatt sikta eg meg inn på Blåfjellet og klarte å komme meg greitt ned, sjølv om det også var noko bratt. Det var lettare opp på Blåfjellet frå skaret. Traff på merka løype ned mot Husstøylen. Tok av slik at eg kom meg innom Stabben og gjekk vidare ned merka løype >>>

Kart