Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (102)
- Trugetur (102)
- Fottur (1778)
-
Skitur (63)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (25)
-
Sykkeltur (1)
- Blandet sykling (1)
Raudmelen og Spenene
- Dato:
- 22.09.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 5:27t
- Distanse:
- 15,7km
Fin tur til Raudmelen. Eg har høyrt ein del om denne toppen. Og etter det eg kan sjå skulle det være god sti oppover, slik at eg var sikra dersom eg ikkje kom meg over tåka.
Men ved Klukkshaug stoppa tåka og eg fekk ein fantastisk flott tur både opp og ned.
Godt merka og godt tilrettelagt sti med sherpatrapper nokre stader og klopper nokre stader, slik at eg kunne nesten gå tørrskodd både opp og ned.
Traff på eit par frå Frankrike. Dei hadde eigentleg tenkt seg til Lofoten, men bestemte seg heller for å være i Sør-Norge ettersom værmeldingane nordafor ikkje akkurat er strålande.
Tok ein tur bort på Spenane også. Partiet mellom midtre og nordre Spenane var litt smalt, men ikkje verre enn at eg klarte å passere utan større problem. På veg tilbake tok eg ein liten dukkert >>>
Mosekleivhornet
- Dato:
- 21.09.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:10t
- Distanse:
- 9,2km
Fine meldingar gjorde at eg tok med mannen på tur denne laurdagen.
Utsikta frå stoveglaset var vel heller mangelvare, ettersom vi såg rett i tåka. Vi køyrde likevel avgårde nordover mot Stadt og Mosekleivhornet, som vart dagens mål. Etter det eg kunne sjå kunne det være lettgått og fint frå Furehornet parkeringsplass.
Turen var lettgått, men litt blaut enkelte stader. I tillegg blas det ganske bra, men det er ikkje anna å vente ved Stadt.
Stort sett ein grei tur, sjølv med litt vind.
Klauva ein fin ettermiddag
- Dato:
- 20.09.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:19t
- Distanse:
- 8,3km
Førdsnipa
- Dato:
- 18.09.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:05t
- Distanse:
- 8,5km
Gode temperaturar og vindstille på toppen.
Absolutt ein fin kveld å gå på Førdsnipa
Kleivastølen
- Dato:
- 16.09.2024
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 1:15t
- Distanse:
- 5,3km
Kollegatur. Denne dagen til Kleivastølen. Ein liten røyskatt hadde gøymt seg i muren i det eine selet. Kjekt med litt "nærkontakt" av dyr denne dagen.
Slettheia
- Dato:
- 15.09.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:23t
- Distanse:
- 8,1km
Værmeldingane var så som så i dag. Så eg hadde i utgangspunktet tenkt meg ein kort tur. Det er ei stund sidan eg har vore på Slettheia og sist så hugsa eg det som ein lettgått tur, sjølv om den var noko myrete. Valte samme rute som sist, med litt justeringar. Veldig greitt å starte frå Tuftegarden og gå opp traktorvegen. Deretter er det oppkøyrte traktorspor eit stykke opp lia. Fann det samme tråkket som sist det siste stykket opp til toppen. Til mi store lykke, var det kun litt yr innimellom og på veg nedatt kom til og med litt sol og varma. Absolutt "en høydare".
Troda
- Dato:
- 14.09.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:08t
- Distanse:
- 8,0km
Fin tur med kollega til Troda. Køyrde traktorvegen så langt det gjekk. I følge skiltet bør det være firhjulstrekk. Og det er ikkje så rart med tanke på at vegen er ganske så smal og relativ kupert.
Fint og merka opp til Troda. Ikkje så godt merka nedatt via Kvitesanden. Men absolutt ein fin rundtur.
Hjellen ved Senneset
- Dato:
- 13.09.2024
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 0:46t
- Distanse:
- 3,7km
Tur til Senneset og opp traktorvegen mot Hjellen. Godt å få lufta seg etter ei litt travel veke.