Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (102)
- Trugetur (102)
- Fottur (1898)
-
Skitur (63)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (25)
-
Sykkeltur (1)
- Blandet sykling (1)
Klungeren
- Dato:
- 03.04.2020
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 2:38t
- Distanse:
- 9,2km
Endeleg fredag og sol på himmelen. Kjappa meg heim for så å dra med fjellskia og turmålet var klart: Klungeren. Eg såg at tåka kom tettare og tettare då eg starta på første motbakke. Til slutt var tåka og snødrevet over meg. Eg var på nippen til å snu, men sidan eg kjenner fjella nokon lunde, fann eg ut at eg i alle fall ville fortsette litt til. Som det kjem fram av ruta, så bomma eg ein ørliten granne på standardruta, men fekk peila meg inn igjen etter kvart. Tåka og snødrevet letta og då eg kom på toppen var tåka og snødrevet borte vekk. Det opna seg eit flott utsyn rundt meg. Og vinden løya litt på toppen. På veg nedatt fekk eg auge på reinflokken.
Lite folk på tur i området i dag.
Nordheia i snødrev
- Dato:
- 02.04.2020
- Turtype:
- Trugetur
- Turlengde:
- 0:46t
- Distanse:
- 2,5km
Eventyrstien
- Dato:
- 01.04.2020
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:21t
- Distanse:
- 3,0km
Brandsøyåsen
- Dato:
- 28.03.2020
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 0:59t
- Distanse:
- 3,7km
Når sønnen vil ut å lærekøyre litt lenger enn til jobb, så greip eg sjansen å tok han med på tur til Florø. Resultatet var at han fekk lærekøyre og eg fekk dra med minstemann på tur på Brandsøyåsen. Sjølv om eg ikkje akkurat kan kalle han minst lenger, då eg er vel blitt den minste i familien.
Ny tur til Gytta
- Dato:
- 27.03.2020
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 0:40t
- Distanse:
- 2,2km
Ein kjapp tur etter heimekontor. Fint med slike turmål innimellom.
På nye stiar til Bergumstølen
- Dato:
- 26.03.2020
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:57t
- Distanse:
- 3,2km
Turmålet var eigentleg Gapahuken, men etter ei lita vurdering, fann vi ut at det kunne være kjekt å sjå Bergumsstølen. Og vurderinga vidare var å ta sjansen på stien nedatt til Hundvebakke. Litt glatte parti, men vi kom oss heilskinna ned.
Gytta i regnværet
- Dato:
- 25.03.2020
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 0:40t
- Distanse:
- 2,2km
Ein tur i sludd og regn. Godt å ha turar i skogen som gjer at det ikkje vert for ille
Søstrene på Gytta
- Dato:
- 24.03.2020
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 0:45t
- Distanse:
- 2,2km
I total mangel på andre aktiviteter, er det greitt å få me søsteren på nærturar i Førde på ettermiddagen.
