Kvasshornet og Kårnyken - god timing (03.07.2025)


Turtype Fjelltur
Turlengde 5t 54min
Distanse 18,7km
Høydemeter 1116m
Kart
Bestigninger Kvasshornet (1095moh) 03.07.2025
Kvasshornet varde (1095moh) 03.07.2025
Kårnyken (1060moh) 03.07.2025

Det blei litt fram og tilbake denne dagen. Værmeldingane var ikkje heilt klare på kva været skulle være. Men eg valte å stole på Yr, som var det mest optimistiske.
Starta med nokonlunde fint vær ved parkeringsplassen. Fin og tydeleg sti oppover mot Sætredalsvatnet. Nokre dropar regn kom, men ikkje meir enn at eg tålte det. Fulgte vidare delvis merkt sti oppover mot dalen mot Svoregga og Rundehogen. Oppe på høgda var det meir klønete å finne noko sti og den vart meir og meir utydeleg. Så her måtte eg følge med på kart og magefølelsen. Fann ut at eg ville gå på Kvasshornet først i håp om at tåka skulle lette på Kårnyken. På toppen av Kvasshornet var det tåke. Men i det eg stod der, så letta tåka, slik at eg likevel fekk litt utsikt. Jammen flaks. Tåka hang framleis litt over Kårnyken, men det var vind, så håpet var at tåka skulle lette etter kvart. Sikta meg ned i dalen og tilbake til stien til Kårnyken. Fulgte ein delvis tydeleg sti opp til Kårnyken og jammen eit lite stykke før toppen letta tåka som bestilt og temperaturen vart betre. Følelsen av lykke kan knapt være større.
Tok ein liten tur ned mellom Kårnyken og Kårnyken øst. Men det var litt bratt ned på begge sider og fare for tåke, fann eg det tryggast å la være. Etter ein liten rast på Kårnyken, bar det nedatt. Eg var oppom Svoregga. Der var stien noko tydelegare i alle fall eit stykke. Fann det fornuftig å gå ned vegen frå Sætredalsvatnet.
Flott tur denne dagen, sjølv med noko regnbyger på vegen og litt tåke.

På veg opp til Kvasshornet
På veg opp til Kvasshornet
Sætredalsvatnet
Sætredalsvatnet
Sætredalsvatnet
Sætredalsvatnet
Null utsikt då eg kom opp til Kvasshornet
Null utsikt då eg kom opp til Kvasshornet
Plutseleg kom utsikta fram
Plutseleg kom utsikta fram
Plutseleg kom utsikta fram
Plutseleg kom utsikta fram
Litt tåke før toppen av Kårnyken
Litt tåke før toppen av Kårnyken
Ved Kårnyken. Utsikt mot Førde og Ålfoten
Ved Kårnyken. Utsikt mot Førde og Ålfoten
Ved Kårnyken
Ved Kårnyken
Ved Kårnyken. Utsikt mot Nordfjorden
Ved Kårnyken. Utsikt mot Nordfjorden
Ved Kårnyken. Mot Kårnyken øst.
Ved Kårnyken. Mot Kårnyken øst.
Ved Kårnyken på veg nedatt
Ved Kårnyken på veg nedatt
Tilbakeblikk på Kårnyken. Der tåka hadde omringa toppen igjen.
Tilbakeblikk på Kårnyken. Der tåka hadde omringa toppen igjen.
Ved Svoregga. Utsikt mot Sætredalsvatnet
Ved Svoregga. Utsikt mot Sætredalsvatnet

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.