Sundmorkvatn
|
|
![]() © Kåre Olav Oftedal |
||||||||||||||||||||||||||||
Innhold | |
---|---|
Språk | |
Fadder | ingen |
Statistikk |
Totalt 5 medlemmer har registered 6 Sundmorkvatn-besøk. Sundmorkvatn inngår i 3 lister. |
Kart
Bilder
Innledning
Dei to hyttene i sørenden av Sundmorkvatnet (Sundmorkhølen) er to ubetjente utleigehytter med plass til 5 og 6 personar.
"Sundmorkvatn 1" har plass til 5 personar. Hytta har eitt soverom med ei familiekøye og dobbel sovesofa i stova.
"Sundmorkvatn 2" har plass til 6 personar. Hytta har eitt soverom med to enkeltsenger, eitt soverom med køyeseng og dobbel sovesofa i stova.
Atkomst
Om lag 2 ½ timar å gå frå Kåsastølen og 2 timar frå Bakken Gard. Umerka, men stort sett tydelege stiar. Langs Sunnmorkvatnet kan ein gå på begge sider. Kortast, men myrlendt og stilaust på austsida. NB: Per 24. juni 2023 er det merka og klargjort for 3-4 bruer over bekkar og myrer på austsida.
Alternativt kan ein gå frå Solbakk ved Songesand og bratt opp Sunnmorkbrekka, anslagsvis 2 timar, eller frå Leiken gjennom Nystøldalen, anslagsvis 4 timar.
Vinter
Ved gode snøforhold vil brøyting av Songesandvegen avgjera startpunktet for skituren. Om det ikkje er brøyta lenger, vil Folkehjelpshytta eller Sandvatnet vera gode startpunkt, med tur om Pramstød og Nystøldalen eller meir direkte om Maradalen.
Tips og diverse
Hyttene er låste, og nøkkel må enten hentast i Tursenteret til Stavanger Turistforening eller frå kodeboks på hytteveggen.
User comments