Langavatnet demning

Navn Langavatnet demning
Søkenavn Langavatnet stem
Type Kulturminne
Høyde 450 meter
Region Hjelmeland
Foreldreregion Europa, Norge, Norge fastland, Rogaland, Ryfylke
Fadder admin (Administrator)
Siste endring 17.01.2021
Alternativt navn Langavatnet dam
Koordinater 32V 340437 6550929 (UTM)
Kart Vis objekt på kart
Langavatnet demning

© Kåre Olav Oftedal

Innhold
Språk
Fadder ingen
Statistikk

Registrer et Langavatnet demning-besøk

Et medlem har registrert 9 Langavatnet demning-besøk.

Kart

Bilder

Innledning

Stemmen i Longavatnet/Vardhustjødnane er den einaste av dei gamle steindemningane i Jørpelandsvassdraget som ikkje er oppgraderte med moderne middel dei siste åra. Stemmane i Storåfoss, Dalavatnet, Liarvatnet og Svortingsvatnet er alle totalrenoverte med betong, slik at dei gamle tilhogde steinane ikkje er framtredande lenger. I motsetning til desse, som alle er frå utbygginga av kraftstasjonen i Dalen (Jørpeland II som var i drift frå 1920 til 2010), er stemmen i Longavatnet av nyare dato. Han vart nemleg bygd under krigen, for å auka magasinkapasiteten i Jørpelandsvassdraget.

Saman med stemmen vart det bygd tre imponerande kanalar, ein nedanfor stemmen, ein mellom Longavatnet og søre Vardhustjødna, og ein mellom dei to Vardhustjødnane. Hensikten med dette var sjølvsagt å kunna tappa ned meir av Longavatnet. Ved høg vannstand går Longavatnet og Vardhustjødnane i eitt, medan dei tre delane og kanalane mellom dei kjem tydeleg fram ved låg vannstand. Då er det og mulig å kryssa kanalane og få langt enklare veg mellom vest- og autsida av vatnet.

Atkomst

Det er god og merka sti frå parkeringa ved Liarvatnet via Grimsli og Forenesvatnet. Det er og ein flott, men umerka tur frå Boremyr øvst i Målandsdalen via Målandsheia/Brogaheia. Mellom 2 og 2 ½ timar gangtid.

Vinter

Same tilkomst på ski som sommarstid, men Liarvatnet må vera islagt, noko som ikkje hender kvar vinter i våre dagar.

Tips og diverse

Bilder

Stemmen i Longavatnet under Vardhusheia
Stemmen i Longavatnet under Vardhusheia
Stemmen sett sørover
Stemmen sett sørover
Stemmen er utett, men som her med Longavatnet smekkfullt, fungerer han godt som flomvern
Stemmen er utett, men som her med Longavatnet smekkfullt, fungerer han godt som flomvern
Ved stupkanten på Vardhusheia med utsikt mot Vardhustjødnane og Forenesvatnet. Stemmen i Longavatnet og kanalen nedanfor sjåast midt i bildet. Det er minimal vannstand og kanalen mellom tjødnane er godt synleg
Ved stupkanten på Vardhusheia med utsikt mot Vardhustjødnane og Forenesvatnet. Stemmen i Longavatnet og kanalen nedanfor sjåast midt i bildet. Det er minimal vannstand og kanalen mellom tjødnane er godt synleg
Mot den søre Vardhustjødna og nordenden av Longavatnet med kanalen mellom dei synleg
Mot den søre Vardhustjødna og nordenden av Longavatnet med kanalen mellom dei synleg

Startsteder

Liarvatnet og Boremyr øvst i Målandsdalen.

Eksterne lenker

https://no.wikipedia.org/wiki/Langavatnet_(Hjelmeland)

Litteratur og kilder

Flere bilder

Turrapporter

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst: