Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (2)
- Ekspedisjon (2)
- Fottur (484)
-
Kjøretur (1)
- Biltur (1)
-
Skitur (261)
- Fjellskitur (76)
- Langrennstur (176)
De syv fjell i Svatsum
- Dato:
- 01.05.2017
- Turtype:
- Fjellskitur
- Distanse:
- 18,9km
Flott skitur i nytt, ope og snilt fjellterreng. Turen gjekk over "de syv fjell i Svatsum".
Snuen
- Dato:
- 03.03.2017
- Turtype:
- Fjellskitur
- Distanse:
- 15,7km
Årets første skikkelege topptur gjekk i litt for fint og tjukt pudder, men eg vart redda av eit scooterspor og at snøforholda vart enklare å ha med å gjere over skoggrensa.
Generelt vart det ein bra tur. Eg gjekk riktig nok glipp av herrestafetten i ski-VM. Men pytt pytt, slik er det når ein har mange goder å velje mellom :)
Turen gjekk i oppkøyrde spor opp til Oppsjøhytta, etterpå var det berre til å knalle eigne spor (dvs. litt scooterspor vart det opp til ca. 980 m.o.h.)
I følgje boka på toppen er eg årets første på Snuen :)
For dei som vil gå denne turen om vinteren, er det viktig å vere klar over at fv. 204 er vinterstengt, og at næraste startpunkt blir Spåtind vinterparkering.
Bjørga, Kyrakampen m.m.
- Dato:
- 16.05.2016
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 3:40t
- Distanse:
- 14,2km
Strålande og solrik dag i Gausdal. Fine tilhøve, fast snø og godt skiføre (iallfall tidleg på dagen).
Bjørga vart min topp nr 400 (definert som toppar med primærfaktor 50 meter eller meir). Det ekstra sporet på Bjørga indikerer tur til ein geocache.
Inkludert i informasjonen om km, høgdemeter og tid er turen til Bjørga på 2,0 km tur-retur også inkludert, men ikkje synt i kartet, då dette ikkje gjekk.
Jentehaugen og Ohovde
- Dato:
- 05.05.2016
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 4:40t
- Distanse:
- 14,4km
Skitur i flott og varmt vårver. Føret var litt slush, men ikkje verre enn eg hadde trudd, då det stort sett framleis er kuldegrader om natta her.
Terrenget er meir kupert enn kva høgdekotene indikerer, og gav ein artig, men til tider litt utfordrande tur, med skog og bratt terreng. Jentehaugen var første topp, ingen jenter der i dag. Ohovde var andre topp, og den bydde på flott utsikt og ein geocache på kjøpet.
Storskarvola
- Dato:
- 25.03.2016
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 2:02t
- Distanse:
- 15,0km
Skitur frå Stormoegga fritidspark opp på Storskarvola. Hardt, men greitt skiføre på veg opp i oppkøyrde løyper.
Tok av frå oppkøyrde løyper og mot Storskarvola. Her var det fritt val mellom å gå på bar mark på solsida eller snø i skuggesida. Måtte renne litt, derfor vart det opp og ned på snøen.
Dårleg batteri på klokka medfører at det berre er oppoverturen som vart logga, denne er synt på kart. Ned att kom eg slik at eg kom inn på skiløypa att nokre hundre meter aust for Reinsliåsan/Åsan p-lomme .
Litt foto her:
