Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Rondanestien, etappe Friisvegen - Spidsbergsæter

Dato:
13.08.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
8:32t
Distanse:
21,9km

Nok ein etappe av Rondanestien vart gått. Turen gjekk gjennom fint og rolig høgfjellsterreng, før det plutseleg vart meir dramatisk ved Dørfallet. Etterpå gjekk turen over Veslefjellet, slik at det vart samla inn nok ein topp til Ringebulista :). Ein stopp innom Veslefjellbua vart det også.

Kart    

Kollen

Dato:
07.08.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:57t
Distanse:
2,4km

Etter tur til Bakhuken og Stakkstolia, vart det også tid til ein tur til Kollen. Kollen er skogdekt, men ganske open skog og lettgått terreng, sjølv utan sti. Det var ei stund tydeleg sti opp, som berre stoppa opp i intet.

Kart    

Bakhuken og Stakkstolia

Dato:
07.08.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:19t
Distanse:
5,5km

Tur til to snille toppar, dog med svært god utsikt begge to, mot Muen, Ringebu Østfjell, Rondane, you name it. Turen gjekk både på og utanfor sti, på sti der kartet tilseier dette. På tur ned frå Stakkstolia prøvde eg å ta snarveg i terrenget, men fann ut at eg fort burde gå tilbake til sti på grunn av "kjerrete" terreng.

Kart    

Imsdalsvola

Dato:
28.07.2022
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
3,9km

Fin tur til Imsdalsvola. Turen gjekk langs god sti, bortsett frå på platået, der det var å leite seg fram blant gras og steinar. Fin utsikt mot Imsdalen, Rendalssølen, Friisvegen, Store Sølnkletten, you name it.

Kart    

Tretoppstur i Langsua

Dato:
19.06.2022
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
11,9km

Fin tretoppstur i fjellet i dag. God sti til Prestkampen og Nonstjønnkampen. Mot Risåhøgda var det tilnærma ingen sti. På veg ned kom eg over i god sti på veg ned.

Kart    

Pinsetur til Skruvdalstinden

Dato:
06.06.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:04t
Distanse:
14,4km

Første helg med open veg til Liomseter. Turen gjekk frå Liomseter langs T-merka sti til Skruvdalsbua. Deretter tok eg av mot toppen. Fann ikkje sti først, men fann ut at eg hadde teke av litt for tidleg, så turen ned gjekk via god sti. Fin utsikt mot fjella i vest og snødekte Valdresflya. Turboka indikerer at toppen er godt besøkt, men at eg var første registrerte turgjest dette året. Var krevjande sti med mange bekkekryssingar, og ein plass der ein måtte vasse over.

Kart    

Nattrudstilen

Dato:
28.05.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:15t
Distanse:
3,4km
Kart    

Elgsletthøgda

Dato:
15.05.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:02t
Distanse:
7,2km
Kart    

Vågskardfjellet

Dato:
09.10.2021
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:44t
Distanse:
5,7km
Kart    

Bukkehaugen

Dato:
09.10.2021
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:53t
Distanse:
4,8km
Kart