Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (2)
- Ekspedisjon (2)
- Fottur (481)
-
Kjøretur (1)
- Biltur (1)
-
Skitur (258)
- Fjellskitur (73)
- Langrennstur (176)
UTM-rutetur med Søtefjellet som bonustopp
- Dato:
- 11.07.2018
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 9,0km
På denne turen til Søtefjellet i Os vart det samla inn 5 nye UTM-ruter (som var hovudføremålet med turen). No manglar det berre cirka 10 av totalt cirka 450 ruter i Bergen før dette prosjektet er komplett.
Det var godt og varmt, og slitsomt oppover når temperaturen ligg på kring 25 pluss. 1,5 liter vatn var for lite, men det gjekk greitt å fylle på ein plass, i eit elles tørt elveleie.
Klokka slutte å logge på tur ned, då logga eg resten av turen med Peakbook-appen, slik at det totalt blir 10,9 km.
Langlihaugen
- Dato:
- 01.07.2018
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 4,6km
Flott tur til Langlihaugen. Liten topp med gjev utsikt! Godt og varmt i lufta.
Smørkampen
- Dato:
- 01.07.2018
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 2,4km
Tur til Smørkampen. Fråver av stiar frå Smørkampsætra og oppover indikerer at øyveringane ikkje er klar over at dette er ein topp :)
Kotua
- Dato:
- 10.06.2018
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 4,9km
Fin tur til Kotua etter å ha vore på Søre Gardfesthaugen og Gardfesthaugen.
No er Ringsaker-lista (50 m PF) komplett, med enkel seremoni på toppen!
Tur opp og ned gjekk på ei blanding av sti og ikkje-sti. Trur ein kan få samanhengande stiar, berre ein vel andre utgangspunkt for turen.
Dugurdshøgda
- Dato:
- 20.05.2018
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 3,2km
Tur til Dugurdshøgda, ein topp med fin utsikt som overraskande nok ser ut til å vere "lite i bruk" (utydelege/fråverande stiar). I tillegg var eg første peakbookar dit :)
Bjørnhaugen
- Dato:
- 20.05.2018
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 10,4km
Fin tur til Bjørnhaugen. Dokkfløyvegen var diverre stengt, så det vart litt trasking langs "autostrada", men elles var det ein fin tur. Lite tydelege stiar opp mot Bjørnhaugen, så her gjekk turen mest utanom sti.
Snøen var stort sett borte frå terrenget, men måtte stadvis trakke gjennom djupe snøfenner.
Hykilåsen
- Dato:
- 22.10.2017
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 7,2km
Dagens tredje topp var Hykilåsen. Ein topp som ser meget snill ut, men som byr på masse vandring gjennom myr og liknande snacks. Startpunkt ved Reinsåsen vart valt då det er merka av sti på kartet eit stykke, og avstanden til Hykilåsen ikkje er så stor. Men stien var ikkje brukbar, faktisk var det betre å berre traske gjennom myra på måfå. Antakeleg lurt å prøve eit anna ruteval mot Hykilåsen, anten frå stien
Men det var friskt og godt å kome seg opp. Mykje skodde som letta på turen ned.