Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Sollihøgda

Dato:
05.08.2021
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:12t
Distanse:
4,6km
Kart    

Rondanestien del 1: Oslo S - Øyungen

Dato:
08.05.2021
Turtype:
Fottur
Turlengde:
7:17t
Distanse:
24,0km
Kart    

Balbergkampen og turpostar med Turappen

Dato:
08.11.2020
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:43t
Distanse:
6,5km
Kart    

Skinaberghøgda

Dato:
07.11.2020
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:18t
Distanse:
3,7km

Tur til Skinaberghøgda. Greie stiar, men måtte finne "eigen sti" siste del mot toppen. Tydelegvis ikkje eit attraktivt toppmål. For andre interesserte er stien på veg nedover best, iallfall når terrenget er bart.

Kart    

Siste topp i Øyer. Eldåhøgda og bonustopp Bendikshøgda

Dato:
16.07.2020
Turtype:
Fottur
Turlengde:
5:57t
Distanse:
18,9km

Med denne turen til Eldåhøgda er Øyer komplett (både 50 og 100 m PF). Turen gjekk i fint ver gjennom fint og lettgått terreng. Første delen gjekk generelt på sti. Etter Gamlelægeret var stien av varierande kvalitet, og eg fann det vel så enkelt å gå utanfor sti, då terrenget er lettgått utan skog. Fin utsikt frå Eldhåhøgda. Rett før turen fann eg ut at Bendikhøgda i Ringebu hadde primærfaktor over 50 meter (ikkje 45 meter), slik at plutseleg var denne på mi samleliste for Ringebu. Måtte då ein tur bortom her også :) Her var det relativt grei sti.

Kart    

Strutsberget

Dato:
31.05.2020
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:06t
Distanse:
5,7km

Denne turen gjekk til Strutsberget. Trass i namnet møtte eg ingen strutsar på toppen. Turen går delvis langs Prestvegen, som visstnok skal vere frå den gangen Sollia i Atndalen tilhøyrde Ringebu prestegjeld. Her er det til dels god sti, men viktig med godt kart når ein skal finne fram likevel. Frå stien omlag ved 740 m.o.h. tok eg av mot Strutsberget, her gjekk ikkje det noko tydeleg sti oppover. Fin furuskog og fleire sandsteinsbenkar å forsere på veg opp. Ikkje veldig god sti antydar at denne "bynære" toppen neppe er blant dei mest besøkte i Ringebu.

Kart    

Hemrumsvarden

Dato:
31.05.2020
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:20t
Distanse:
7,6km

Tur til Hemrumsvarden. Flott ver og veldig varmt å gå. Turen gjekk gjennom relativt tett granskog nedst og gjekk så over i meir glissen furuskog på berg frå og med 700 m.o.h. Det var god og lett sti å finne igjen heile vegen. Eg prøvde å returnere tilbaketuren mot nord då det var mindre snø enn forventa nedover lia. Greit med ein rundtur, men ingen tvil om at det er finast å gå opp frå sørsida, der eg starta.

Kart    

På tur med Tur

Dato:
10.10.2019
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,5km
Kart    

Åvellhaugen

Dato:
06.10.2019
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,2km

Fin tur til Åvellhaugen, der Helselaget har sørga for framragande merking heile vegen heilt til topps. Turen gjekk først på veg på grunn av stengt bom, før sti tok av mot nordaust. Usikker på kvaliteten av GPS-sporet, då det ser ut som eg gjekk ulike stiar på fram- og tilbaketuren. Men eg gjekk no langs same stien.

Kart    

Sollihøgda

Dato:
22.09.2019
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,0km
Kart