Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (2)
- Ekspedisjon (2)
- Fottur (473)
-
Kjøretur (1)
- Biltur (1)
-
Skitur (258)
- Fjellskitur (73)
- Langrennstur (176)
Gjøvik topprally
- Dato:
- 23.07.2017
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 10,4km
Først tur til Turthaugen. Det var til dels sti og gjengrodd traktorveg oppover mot toppen. Ned att gjekk eg "snarveg" gjennom jungel. Ganske fin utsikt mot nord frå toppen. Gjekk vidare langs veg, før eg tok av gjennom skogen mot Sæterhaugen. Noko utsikt frå toppen. Gjekk ned att mot vest og følgde vegen. Tok av frå veg for å gå mot Krokgranhaugen. Noko sti oppover, men litt utydeleg, og mulig den like gjerne er eit sauetrakk. Mykje gammal granskog oppover her, og toppen ligg til namnet sitt. Gjekk ned att og tilbake til startpunktet. Køyrde så bil cirka 7 km bort til parkeringsplassen ved Bjønnhaugen. Her har eg trekt frå 7 km på sporet og 100 høgdemeter, då appen spora turen, sjølv om eg hadde sett sporinga på pause. Samanhengande spor mellom startpunkt og parkeringsplass >>>
Storsvulten og Rondvasshøgde
- Dato:
- 19.07.2017
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 19,3km
Første 2,8 km på sti. Deretter 2,4 km på grusveg (stengt for bil). Totalt 10,4 km opp til Rondvasshøgde Ø2 inkludert turen over Veslsvulten. Nokså steinete og krevjande terreng stadvis, særleg opp mot Rondvasshøgde Ø2.
Flott ver, varmt og fine utsikter. Turen kan trygt anbefalast, men ein bør ikkje vere for avhengig av stiar.
Ljøsbakken
- Dato:
- 10.07.2017
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 5,9km
Tur til Ljøsbakken + ein ekstra "topp" eg ikkje fekk registrert pga tett nærleik til Ljøsbakken.
Trass i at desse toppunkta truleg neppe er veldig populære å besøke, var det ein ganske god sti heilt opp til cirka 600 m.o.h. Denne er merka som Tur 19, og ser ut til å fortsetje vidare sørover forbi Ljøsbakken. For andre interesserte vil eg derfor anbefale denne løypa eg gjekk.
Oppsetåsen
- Dato:
- 08.07.2017
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 7,1km