Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (2)
- Ekspedisjon (2)
- Fottur (473)
-
Kjøretur (1)
- Biltur (1)
-
Skitur (258)
- Fjellskitur (73)
- Langrennstur (176)
Rondanestien, etappe Friisvegen - Spidsbergsæter
- Dato:
- 13.08.2022
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 8:32t
- Distanse:
- 21,9km
Nok ein etappe av Rondanestien vart gått. Turen gjekk gjennom fint og rolig høgfjellsterreng, før det plutseleg vart meir dramatisk ved Dørfallet. Etterpå gjekk turen over Veslefjellet, slik at det vart samla inn nok ein topp til Ringebulista :). Ein stopp innom Veslefjellbua vart det også.
Bakhuken og Stakkstolia
- Dato:
- 07.08.2022
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:19t
- Distanse:
- 5,5km
Tur til to snille toppar, dog med svært god utsikt begge to, mot Muen, Ringebu Østfjell, Rondane, you name it.
Turen gjekk både på og utanfor sti, på sti der kartet tilseier dette. På tur ned frå Stakkstolia prøvde eg å ta snarveg i terrenget, men fann ut at eg fort burde gå tilbake til sti på grunn av "kjerrete" terreng.
Kollen
- Dato:
- 07.08.2022
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 0:57t
- Distanse:
- 2,4km
Etter tur til Bakhuken og Stakkstolia, vart det også tid til ein tur til Kollen.
Kollen er skogdekt, men ganske open skog og lettgått terreng, sjølv utan sti. Det var ei stund tydeleg sti opp, som berre stoppa opp i intet.
Imsdalsvola
- Dato:
- 28.07.2022
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 3,9km
Fin tur til Imsdalsvola. Turen gjekk langs god sti, bortsett frå på platået, der det var å leite seg fram blant gras og steinar. Fin utsikt mot Imsdalen, Rendalssølen, Friisvegen, Store Sølnkletten, you name it.
Tretoppstur i Langsua
- Dato:
- 19.06.2022
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 11,9km
Fin tretoppstur i fjellet i dag. God sti til Prestkampen og Nonstjønnkampen. Mot Risåhøgda var det tilnærma ingen sti. På veg ned kom eg over i god sti på veg ned.