Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (2)
- Ekspedisjon (2)
- Fottur (481)
-
Kjøretur (1)
- Biltur (1)
-
Skitur (258)
- Fjellskitur (73)
- Langrennstur (176)
Brennhaugen
- Dato:
- 08.06.2025
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 0,8km
Dagens første topp. Forholdsvis kort veg frå der eg parkerte, men bratt og vått terreng utan sti, med til dels tett granskog, gjorde turen opp krevjande. På toppen var det meir ope. Dette er nok ingen godt besøkt topp, men det var nokon (på Peakbook?) som hadde tatt seg bryet med å lage ein liten varde her.
Bilda under er frå toppen.
Korpberget
- Dato:
- 04.05.2025
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 2,3km
Dagens fjerde og siste topp var Korpberget. Denne bar også preg av at få gjekk på tur hit. Med tanke på at dette kanskje var turen med det mest varierte og spennande terrenget, er det litt rart at ikkje denne blir oppsøkt meir, særleg med tanke på at det er skilta tur langs skogsvegen eg starta langs. På vegen ned vart det til dels litt klyving, og ein vestlending som har gått mange toppturar i Bergen og omegn, følte seg plutseleg endå meir heime :)
Finnberget
- Dato:
- 04.05.2025
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 1,3km
Finnberget var dagens tredje topp, som var blant fleire i Stange med tydelegvis lite besøk. Turen gjekk gjennom blanding av tett skog, hogstfelt m.m. Sjølve området på toppen var utan utsikt, men elles ganske fin furuskog. Området hadde fortent meir besøk.
Det blåste, og det knaka godt i vindskeive tre på veg ned, så det var enkelte parti som var greitt å gå fort forbi.
Topphøgda
- Dato:
- 04.05.2025
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 3,7km
Turen starta frå fylkesvegen og gjekk sørover langs veg, der det stod strenge skilt om at stolpejegerar ikkje kan køyre inn. No var eg i dag strengt tatt ikkje stolpejeger, men toppsamling går kanskje litt for det same, så eg tok oppmodinga om å gå herifrå.
Eg knalla opp gjennom til dels gjengrodd traktorveg opp mot toppunktet frå nord. Ned att gjekk eg langs ein meir definert sti før eg kom ned til vegen igjen.
Av dagens fire toppar i Stange var dette einaste som bar preg av å få litt besøk av og til.
Sørstuåsen
- Dato:
- 04.05.2025
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 1,7km
Dagens første topp hadde lite utsikt og tydelegvis lite besøk. Bildet under viser korleis det såg ut på toppen. Men kva gjer ein ikkje for å få eit nytt toppunkt i lista :)
Det gjekk ingen sti opp til sjølve toppunktet, etter det eg kunne sjå. Det ser ut som at tilnærma like høge toppunkt få hundre meter nord er meir attraktive i utsikt, historie m.m. Turen gjekk elles langs turveg til avstikkar mot toppen.
Skarvvola
- Dato:
- 01.09.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 5,0km
Dagens første tur gjekk til Skarvvola. Fint terreng og slak oppstiging, terrenget var lettgått også der det ikkje var sti.
Oppigardshyrna
- Dato:
- 12.07.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 13,0km
Fin og tung tur til Oppigardshsyrna. Turen er ikkje så lang, men der det er bratt, var det mykje buskas nedst og steinete/glatt mose øvst. Det var svært mykje myr.
Ingen sti på turen, og turen tok si tid, så lang tid at både klokke- og mobilbatteriet gjekk tomt på veg ned. Turen er egentlig cirka 13 km lang.
Veldig fin utsikt på toppen, og skodda letta. Dvs. det var skyete mot Strynedalen, så her var det utsikt berre få sekund av gongen.
Breitjønnshøgder og Nordre Gråhøgda
- Dato:
- 06.07.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 14,6km
Nye toppar i Ringebu. Turen gjekk i stor grad på god sti. Opp mot Nordre Gråhøgda var det svake T-ar, noko som tyder på at dette er nedlagt DNT-sti? Til dei to andre toppane var det ikkje stiar, men generelt lettgått terreng, med enkelte våte parti.