Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (2)
- Ekspedisjon (2)
- Fottur (481)
-
Kjøretur (1)
- Biltur (1)
-
Skitur (258)
- Fjellskitur (73)
- Langrennstur (176)
Kråkhuguknatten
- Dato:
- 13.10.2019
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:28t
- Distanse:
- 4,1km
Dagens mellomste topp. Følgde sti oppover, men denne gjekk ikkje direkte mot toppen, så eg knalla over ei myr. Her kom eg inn på ein ny merka sti, men også her måtte eg gå av merka sti for å kome mot toppen. Det var gjort forsøk på noko merking oppover, men det har ikkje lukkast å bli noko klar sti der, etter det eg kunne sjå.
Det var skodde på toppen, men ut frå det eg kunne sjå, er det nok fin utsikt mot nordaust, frå toppen.
Blanding av sti og ikkje-sti på veg ned att.
Åvellhaugen
- Dato:
- 06.10.2019
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 4,2km
Fin tur til Åvellhaugen, der Helselaget har sørga for framragande merking heile vegen heilt til topps. Turen gjekk først på veg på grunn av stengt bom, før sti tok av mot nordaust.
Usikker på kvaliteten av GPS-sporet, då det ser ut som eg gjekk ulike stiar på fram- og tilbaketuren. Men eg gjekk no langs same stien.
UTM-rutetur Lillehammer
- Dato:
- 15.09.2019
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 4,9km
Antatt nest siste UTM-rute i Lillehammer er eit faktum med denne turen.
Korstadkampen. Markert topp med mykje utsikt og lite besøk.
- Dato:
- 09.08.2019
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:48t
- Distanse:
- 8,8km
Dagens tur gjekk til Korstadkampen. Eg gjekk langs sti, skogsveg og knalla så i terrenget rett opp mot toppen. Her var det flott utsikt til alle kantar, og svært bratt (!) ned på sørsida.
På veg ned att var det markert merking for sti ned til hytte ved Holmtjønnet. Der stoppa markeringa opp. Fann ut at raskaste veg tilbake var på nordsida av Holmtjønnet, der det var ei blanding av ur og skogsterreng med teikn til sti, som etterkvart gjekk over i brukbar sti før turen gjekk tilbake på skogsvegen.
Fin topp og fint turterreng, i grunn rart at det er såpass få som ser ut til å besøke denne toppen.