Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (2)
- Ekspedisjon (2)
- Fottur (473)
-
Kjøretur (1)
- Biltur (1)
-
Skitur (258)
- Fjellskitur (73)
- Langrennstur (176)
Babytoppar vest for Sollihøgda
- Dato:
- 08.05.2015
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 1:06t
- Distanse:
- 3,7km
Nevelfjell
- Dato:
- 03.05.2015
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 1:39t
- Distanse:
- 8,6km
Fin skitur til Nevelfjell i dag også. Bra ver, fast snø. Isete i det som har vore oppkøyrde løyper, noko som medførte at det enklaste var å gå utanfor desse.
Gjekk ei ny rute (for meg) opp på sørsida. Litt våt, men fast, snø i solhellinga. På veg nedover køyrde eg ned austsida, og der var det framleis tørr snø etter snøfallet tre dagar tidlegare. Dette medførte at mitt val av isklister var dårleg!
Bra med folk på tur i dag, det var for eksempel 5 personar samtidig med meg på toppen.
Trur det kan vere bra skitilhøve her kanskje til og med 17. mai, men det kjem jo an på korleis veret blir framover.
Nevelfjell
- Dato:
- 26.04.2015
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 1:30t
- Distanse:
- 9,4km
Som seg hør og bør, vart det ein tur til Nevelfjell i dag også. Det var kome nysnø i terrenget og på vegen, godt eg ikkje hadde skifta til sommardekk.
Nysnøen gjorde skituren oppover og nedover ganske behageleg. Stort sett sol, -2 grader på toppen.
Snørvillen
- Dato:
- 21.04.2015
- Turtype:
- Langrennstur
- Distanse:
- 9,5km
Det vart kveldstur til Snørvillen. Oppstart på Sjusjøen. Nylig oppkøyrde løyper, som likevel nok var prega av siste to dagars mildver.
Lite snø på toppen, og trakka lett gjennom her. Men i spora elles og i snøen utanfor her verka det forholdsvis fast framleis.
Fint ver :).
Tinderangling i Gjøvik
- Dato:
- 19.04.2015
Fin tur i Gjøvik i dag, Gjøvik 100 m PF fullført i dag :). Av 50 m PF-toppar manglar eg no 9.
Dessverre var det dogg på linsa, noko eg ikkje oppdaga under fotografering pga sterkt sollys. Men eg fann ut at foto med dogg var betre enn ingen foto.
Eg la også inn nokre av desse fotoa som bilde på toppsidene av kvar topp. Då det er dogg på desse, er det heilt greitt for meg om andre skulle ville legge inn andre foto av desse toppane.
Veslkringla
- Dato:
- 12.04.2015
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 2:17t
- Distanse:
- 6,6km
Skitur til Veslkringla. Starta turen i Blæsterdalen, og knalla oppover.
Det var mykje roten snø omlag opp til tregrensa, etter det var det betre, med ein blanding av nysnø og vindblåst snø. Frå og med litt over 1000 m.o.h. var det mykje bart og vindblåst, så då sette eg av meg skia og beina opp til toppen.
Fin utsikt mot Rondane i sør, og mot Atndalen, Folldal m.m. Strålande sol og frisk vind.
Pikhetta og Mehøi
- Dato:
- 03.04.2015
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 4:09t
- Distanse:
- 16,6km
Fin skitur frå Gravbekklii til toppane Pikhetta og Mehøi.
Greie nok snøtilhøve, men som vanleg litt lite snø ein del plassar, særleg over flya før siste oppstigninga + dei øvste 20-40 høgdemeter før båe toppane. På sistnemnde måtte eg gå til fots.
Eg starta med Mehøi før sjølve rosinen i pølsa, Pikhetta, vart bestige.
Fin sol denne dagen, og frisk vind på toppane.
Skitur til Skjenafjellet og Kidliknappen
- Dato:
- 23.03.2015
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 3:43t
- Distanse:
- 16,5km
Skitur til to staselege toppar ovanfor Gudbrandsdalens bakside. Fin sol, fin utsikt, i det heile teke flott stemning.
Turen vart gått frå Musdalsetra og nordover mot Roåker i oppkøyrde spor. Trakka deretter mine eigne spor oppover bakkane, først sørover mot Skjenafjellet, deretter gjekk eg nordover mot Kidliknappen.
Fint nedrenn mot Roåker, og deretter tilbake same vegen til Musdalsetra.
Dette er ein tur som kan anbefalast. Vegen opp til Roåker er vinterstengt, så Musdalsetra verkar til å vere beste startstaden for skitur.
Eidsfjellet
- Dato:
- 21.03.2015
- Turtype:
- Langrennstur
- Turlengde:
- 2:14t
- Distanse:
- 17,4km
Staseleg langrennstur frå Hofferbua og opp til Eidsfjellet i flott ver og gode trikkeskinner. Flott utsikt mot Trysilfjellet, Toten, Odal m.m., og jammen trur eg at eg såg toppar i Jotunheimen også.