Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (2)
- Ekspedisjon (2)
- Fottur (477)
-
Kjøretur (1)
- Biltur (1)
-
Skitur (258)
- Fjellskitur (73)
- Langrennstur (176)
Storehøgahaugen
- Dato:
- 10.08.2025
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 2,8km
Dagens fjerde og siste topp var også den lengste turen, blant elles korte toppturar. Det var ingen sti her, men generelt forholdsvis lettgått terreng i open skog. Litt utsikt langs turen og frå toppen.
Garavikhøgde
- Dato:
- 10.08.2025
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 1,6km
Dagens topp nr. 3. Her var det meininga å gå raskaste vegen opp til trigonometrisk punkt, men eg fann ut at eg ikkje var på høgaste punkt (sjølv om det var her utsikta var finast). Så då knalla eg bort til høgste punkt. Raskaste turen opp og ned Garavikhøgde går i stor grad på sti (Gamle Skonnordvegen), bortsett frå siste brattbakken opp.
Byfellifjellet
- Dato:
- 10.08.2025
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 2,2km
Byfellifjellet var dagens andre topp, og kunne by på tilnærma like bra utsikt som Dalavarden. Turen gjekk langs veg, og så skråna eg opp gjennom lia der det ikkje var sti. Fann ein sti på platået oppe. Ned igjen fann eg ein sti som gjekk heilt ned, denne kan anbefalast for andre som skal gå her.
Dalavardin
- Dato:
- 10.08.2025
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 1,0km
Dagens første topp var Dalavardin. Her gjorde eg det enkelt, og køyrde opp til næraste startpunkt. Kort tur, ingen sti før eg nærma eg toppen. Veldig flott utsikt i alle retningar.