Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Topphøgda

Dato:
04.05.2025
Turtype:
Fottur
Distanse:
3,7km

Turen starta frå fylkesvegen og gjekk sørover langs veg, der det stod strenge skilt om at stolpejegerar ikkje kan køyre inn. No var eg i dag strengt tatt ikkje stolpejeger, men toppsamling går kanskje litt for det same, så eg tok oppmodinga om å gå herifrå. Eg knalla opp gjennom til dels gjengrodd traktorveg opp mot toppunktet frå nord. Ned att gjekk eg langs ein meir definert sti før eg kom ned til vegen igjen. Av dagens fire toppar i Stange var dette einaste som bar preg av å få litt besøk av og til.

Kart    

Sørstuåsen

Dato:
04.05.2025
Turtype:
Fottur
Distanse:
1,7km

Dagens første topp hadde lite utsikt og tydelegvis lite besøk. Bildet under viser korleis det såg ut på toppen. Men kva gjer ein ikkje for å få eit nytt toppunkt i lista :) Det gjekk ingen sti opp til sjølve toppunktet, etter det eg kunne sjå. Det ser ut som at tilnærma like høge toppunkt få hundre meter nord er meir attraktive i utsikt, historie m.m. Turen gjekk elles langs turveg til avstikkar mot toppen.

Kart    

Til Bekkestua

Dato:
26.04.2025
Distanse:
11,0km
Kart    

Sjåheimen

Dato:
18.04.2025
Distanse:
9,5km

Kart    

Øverbyhaugen

Dato:
18.04.2025
Distanse:
1,0km

Kart    

Breiddalseggi

Dato:
14.04.2025
Turtype:
Fjellskitur
Distanse:
14,7km

Dagens nye topp vart Breiddalseggi. Med fint ver, god utsikt og til dels nysnø oppå skare, vart det ein bra tur. Fin tur for oss med fjellski og som gjerne unngår skredfarleg terreng :) Men greit å vite kor ein skal gå i tilfelle skodde og blindeføre, då det er litt skrentar og brattheng her og der.

Kart    

Storhøa

Dato:
06.04.2025
Distanse:
12,3km

Kart    

Røgnhøgda

Dato:
29.03.2025
Turtype:
Langrennstur
Distanse:
22,9km

Super tur til Røgnhøgda i dag. Eg valde å bruke langrennski då cirka 18 km av denne turen ville gå i spor. Det gjekk greit å gå i terrenget til Røgnhøgda elles, sjølv om her hadde nok fjellski gjort meir nytten. Det var skareføre med enkelte stader ein sokk gjennom. Eg var litt uroa over om sola ikkje ville kome slik at eg fekk med meg solformørkelsen denne dagen. Men det gjorde den, så eg fekk den fint med meg :) Hadde også investert i nye solformørkelsesbriller ;) Det blåste godt på toppen, elles var det varmt og "lummert" då eg kom ned til oppkøyrde spor igjen.

Kart    

Leppkampen

Dato:
27.02.2025
Distanse:
18,9km

Årets første topptur (av nye toppar) gjekk til Leppkampen. Turen gjekk i flott vinterferievêr. Opp til 1000 m.o.h. gjekk turen bratt i oppkøyrde løyper. Vidare gjekk turen i stort sett jomfrueleg snø. Stort sett bra føre, men litt gjennomslag i delar av løypa opp til 1150 m.o.h., særleg der vinden neppe har verka så godt, dette gjorde ein del av turen litt krevande. Over 1150 m.o.h. var det stort sett godt føre med til dels tynt snølag oppå skare. Bilda talar elles sitt :)

Kart    

Vingrom ned

Dato:
15.02.2025
Distanse:
23,3km
Kart