Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (2)
- Ekspedisjon (2)
- Fottur (473)
-
Kjøretur (1)
- Biltur (1)
-
Skitur (258)
- Fjellskitur (73)
- Langrennstur (176)
Storhaugen
- Dato:
- 19.09.2020
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 0:45t
- Distanse:
- 2,1km
Dagens første topp i Langsua nasjonalpark vart Storhaugen. I eit fantastisk haustver gjekk denne turen.
Druktjørnhaugen og Søre Suluhø
- Dato:
- 19.09.2020
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:46t
- Distanse:
- 8,2km
Etter å ha vore på Storhaugen, var turen komen til desse to toppane.
Fin tur som gjekk på blanding av sti og "av-sti". Fine haustfargar, bart fjellterreng, gul bjørkeskog, forholdsvis tørre myrar, ja det var ikkje måte på kor bra denne turen vart.
Alle tre Røssjøkollane
- Dato:
- 23.08.2020
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:48t
- Distanse:
- 11,8km
Fekk tatt ein rundtur her i dag. Gode stiar og lett å gå. Vart meir regn enn eg hadde berekna, så eg vart våt på turen ned.
Fin utsikt i frå samtlege toppar, og fint terreng å gå i.
2-topparstur i Langsua nasjonalpark
- Dato:
- 09.08.2020
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 4:37t
- Distanse:
- 12,0km
Dagens tur gjekk til desse to toppane. Flott vêr og akkurat passe temperatur. Turen gjekk i fin skog og fint fjellområde. På veg opp mot Grytlifjellet følgde eg sti eit stykke før eg fann ut eg ville knalle opp i terrenget. Utsikta frå Grytlifjellet var konge!
Neste topp var Søre Revåkampen. Følgde sti nordover eit stykke før eg knalla ned gjennom skog og myr, og opp mot neste topp. Triveleg med nasjonalpark, skulle gjerne hatt fleire slike område rundt seg.
Tett lågvokst skog på Søre Revåkampen. Gjekk ned i bjørkejungelen før ein fin utsikt mot Dokkvatnet og Dokkampen openberra seg. Deretter var det ned i skogen, og her traff eg faktisk på ein brukbar sti. Vidare ned gjennom skog og myr.
Det var mykje myr, så husk gode sko!
Fire-toppars-tur kring Einunddalen: etappe 1
- Dato:
- 22.07.2020
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:28t
- Distanse:
- 4,3km
Dagens første toppar, topp nr 80 og 81 i Folldal. Lite sti, men generelt lettgått terreng. Kaldt og mykje vind, men vi kan jo ikkje ha varmt vêr kvar dag!
Fire-toppars-tur kring Einunndalen: etappe 2
- Dato:
- 22.07.2020
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:43t
- Distanse:
- 7,6km
Så var det klart for etappe 2 etter oppvarming med relativt låge toppar. Her vart det meir stigning, og endå kaldare. Det var etter yr +2 grader på Høgegga og bra med vind, det kjentest sånn ut og!
Lite sti, men lettgått og fint terreng over 1300 m.o.h. Bratt opp.
Siste topp i Øyer. Eldåhøgda og bonustopp Bendikshøgda
- Dato:
- 16.07.2020
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 5:57t
- Distanse:
- 18,9km
Med denne turen til Eldåhøgda er Øyer komplett (både 50 og 100 m PF). Turen gjekk i fint ver gjennom fint og lettgått terreng. Første delen gjekk generelt på sti. Etter Gamlelægeret var stien av varierande kvalitet, og eg fann det vel så enkelt å gå utanfor sti, då terrenget er lettgått utan skog. Fin utsikt frå Eldhåhøgda.
Rett før turen fann eg ut at Bendikhøgda i Ringebu hadde primærfaktor over 50 meter (ikkje 45 meter), slik at plutseleg var denne på mi samleliste for Ringebu. Måtte då ein tur bortom her også :) Her var det relativt grei sti.
Sundsfjellet (og Kjenuken)
- Dato:
- 10.07.2020
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 4:46t
- Distanse:
- 9,2km
Fin tur til Sundsfjellet. Turen gjekk på god sti opp til cirka 800 m.o.h., deretter ein litt dårleg sti opp mot Kjenuken, før eg tok av mot Sundsfjellet. Då utsikten mot nord er betre frå Kjenuken, tok eg ein tur hit også.
Hemrumsvarden
- Dato:
- 31.05.2020
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 2:20t
- Distanse:
- 7,6km
Tur til Hemrumsvarden. Flott ver og veldig varmt å gå. Turen gjekk gjennom relativt tett granskog nedst og gjekk så over i meir glissen furuskog på berg frå og med 700 m.o.h. Det var god og lett sti å finne igjen heile vegen.
Eg prøvde å returnere tilbaketuren mot nord då det var mindre snø enn forventa nedover lia. Greit med ein rundtur, men ingen tvil om at det er finast å gå opp frå sørsida, der eg starta.
Strutsberget
- Dato:
- 31.05.2020
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 2:06t
- Distanse:
- 5,7km
Denne turen gjekk til Strutsberget. Trass i namnet møtte eg ingen strutsar på toppen.
Turen går delvis langs Prestvegen, som visstnok skal vere frå den gangen Sollia i Atndalen tilhøyrde Ringebu prestegjeld. Her er det til dels god sti, men viktig med godt kart når ein skal finne fram likevel. Frå stien omlag ved 740 m.o.h. tok eg av mot Strutsberget, her gjekk ikkje det noko tydeleg sti oppover.
Fin furuskog og fleire sandsteinsbenkar å forsere på veg opp. Ikkje veldig god sti antydar at denne "bynære" toppen neppe er blant dei mest besøkte i Ringebu.