Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Tops in Nordre Land

Dato:
16.08.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:45t
Distanse:
8,5km

Høgda: Fin tur til Høgda, men lite utsikt frå toppen.. Litt forvirrande stisystem, men går ein cirka langs den stien som er oppmerka på 1:50 000-kart, treff ein på ein forholdsvis god sti. Men ta heller av ved huset på Nordheim, der tilbakesporet er markert. Turen vart målt til 6,7 km tur-retur og 242 brutto høgdemeter. Storrakahaugen: Vanskeleg å kome fram der eg gjekk opp på grunn av bringebærbusker, då det er lite sti, trur ikkje dette er veldig trafikkert topp. Brukbar utsikt nær toppunktet. Mykje maur på toppen. Litt meir framkomeleg på turen ned, anbefalar cirka denne ruta både opp og ned. Turen vart målt til 1,8 km tur-retur og 75 brutto høgdemeter. Vedlagte GPS-spor viser berre turen til Høgda.

Kart    

Barnas 5 på topp i Folldal - tur til Hoggstabben

Dato:
29.07.2016

Ikkje før hadde det vore tur dagen før i området, så vart det tur med heile familien til Hoggstabben, ein av barnas 5 på topp i Folldal. Start og slutt ved Baklisætran p-plass.

Kart    

Toppar mellom Kakelldalen og Einunndalen

Dato:
28.07.2016

Flott fottur, start og slutt ved Baklisætran parkeringsplass. Først gjekk turen til Fatfjell, ein fin og spesiell topp med eit stort og flatt topplatå: Deretter gjekk turen mot Skardhøa: På veg mot siste toppen Bjørnskardkampen møtte eg på to store kvartsblokker, her er den eine: Utsikten er fin frå Bjørnskardkampen:

Kart    

Tennafjellet

Dato:
22.07.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:30t
Distanse:
8,0km

Fin tur frå Utigardsetra til Tennafjellet. Turen gjekk på brukbar sti fram til litt over 600 m.o.h., etter det var det å bruke fantasien. Relativt lettgått "sauefjell". Batteriet tok slutt etter 8,0 km, men eg har antatt at "opp og ned er like langt". Her er litt foto:

Kart    

Endeleg på Norges tak

Dato:
20.07.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
6:10t
Distanse:
11,4km
Kart    

Fin tur på toppar nordaust og nordvest for Dokka

Dato:
06.07.2016
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:39t
Distanse:
12,0km

Ein fin tur, som merka seg ut ved at det var gode stiar og lett å finne fram til samtlege toppunkt. Gjevlehaugen: Start ved Snauhaug skistadion. Fin og god sti gjennom skog til toppen av Gjevlehaugen. Generelt god utsikt frå toppen. Også ein geocache her! GPS-spor berre lagt inn for denne toppen, turen vart på 6,0 km tur-retur og 242 høgdemeter tur-retur. Vardhaugen: Start ved Leikarvoll stadion. Enkelt å finne vegen til toppen, men stien/vegen var litt kjedeleg, pga skogsdrift i området. Men utsikten frå toppen var fin, med utsikt mot Dokka og Randsfjorden. Vangsjøknatten: Fin sti gjennom skogen. Bratt opp siste delen. Flott utsikt frå Vangsjøknatten, med utsikt over Vangsjøen, Dokka, Randsfjorden og område mot Begnadalen i retning Hønefoss. Sjå opp for stup rett ved toppen! Ned att >>>

Kart    

Åsnes topprally

Dato:
25.06.2016
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:00t
Distanse:
7,0km

Losåsen: Starta frå Losåsen parkeringslomme. Turen gjekk langs veg og blåmerka sti. Tok av ved 420 m.o.h. Her var det ikkje tydeleg sti, men blåmerking som stoppa etterkvart. Skal tru om det er ein ny sti under oppmerking mot denne toppen :). Fint ver og varmt, mange svoltne fluger og kleggar på turen. Storberget: Starta frå offentleg veg og gjekk til dels langs det som er merka av på kartet som traktorveg. Denne traktorvegen var nokså lite framkomeleg, og det var eit nokså krevajande terreng å bevege seg i. GPS-sporet dekker turen til Losåsen, men distanse og høgdemeter dekker båe toppturane.

Kart    

Stolpejakt med Pinnikhaugen inkludert

Dato:
18.06.2016
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
6,1km
Kart    

Topptur i Vestre Gausdal

Dato:
14.06.2016
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:02t
Distanse:
6,9km
Kart    

Minitops in the Saksum valley

Dato:
10.06.2016
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:16t
Distanse:
3,7km
Kart