Røgnhøgda (29.03.2025)


Startsted Skei parkeringsplass for langrenn (840moh)
Sluttsted Skei parkeringsplass for langrenn (840moh)
Turtype Langrennstur
Turlengde 2t 12min
Distanse 22,9km
Høydemeter 493m
GPS
Bestigninger Røgnhøgda (1138moh) 29.03.2025 13:46

Super tur til Røgnhøgda i dag. Eg valde å bruke langrennski då cirka 18 km av denne turen ville gå i spor. Det gjekk greit å gå i terrenget til Røgnhøgda elles, sjølv om her hadde nok fjellski gjort meir nytten. Det var skareføre med enkelte stader ein sokk gjennom.

Eg var litt uroa over om sola ikkje ville kome slik at eg fekk med meg solformørkelsen denne dagen. Men det gjorde den, så eg fekk den fint med meg :) Hadde også investert i nye solformørkelsesbriller ;)

Det blåste godt på toppen, elles var det varmt og "lummert" då eg kom ned til oppkøyrde spor igjen.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.