2-topparstur i Langsua nasjonalpark (09.08.2020)


Startsted Grytsaga (785moh)
Sluttsted Grytsaga (785moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 4t 37min
Distanse 12,0km
Høydemeter 475m
GPS
Bestigninger Grytlifjellet (1054moh) 09.08.2020
Søre Revåkampen (1010moh) 09.08.2020

Dagens tur gjekk til desse to toppane. Flott vêr og akkurat passe temperatur. Turen gjekk i fin skog og fint fjellområde. På veg opp mot Grytlifjellet følgde eg sti eit stykke før eg fann ut eg ville knalle opp i terrenget. Utsikta frå Grytlifjellet var konge!

Neste topp var Søre Revåkampen. Følgde sti nordover eit stykke før eg knalla ned gjennom skog og myr, og opp mot neste topp. Triveleg med nasjonalpark, skulle gjerne hatt fleire slike område rundt seg.

Tett lågvokst skog på Søre Revåkampen. Gjekk ned i bjørkejungelen før ein fin utsikt mot Dokkvatnet og Dokkampen openberra seg. Deretter var det ned i skogen, og her traff eg faktisk på ein brukbar sti. Vidare ned gjennom skog og myr.

Det var mykje myr, så husk gode sko!

Fin skog på veg opp mot Grytlifjellet.
Fin skog på veg opp mot Grytlifjellet.
På toppen av Grytlifjellet.
På toppen av Grytlifjellet.
Utsikta er fin frå Grytlifjellet.
Utsikta er fin frå Grytlifjellet.
På veg mot Søre Revåkampen.
På veg mot Søre Revåkampen.
Her vadar eg over elva Gryta, det var i grunn ganske morsomt.
Her vadar eg over elva Gryta, det var i grunn ganske morsomt.
Søre Revåkampen var dekt av tett og lågvaksen bjørkeskog, trass i sine 1011 m.o.h.
Søre Revåkampen var dekt av tett og lågvaksen bjørkeskog, trass i sine 1011 m.o.h.
På veg ned frå Søre Revåkampen openberra denne flotte utsikta seg, mot Dokkvatnet og Dokkampen.
På veg ned frå Søre Revåkampen openberra denne flotte utsikta seg, mot Dokkvatnet og Dokkampen.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.