Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Djupatjørnnuten

Dato:
26.06.2010

Kjørte så langt eg kom på vegen vest for Blåsjø og ved kommunegrensa Suldal / Hjelmeland blei det stopp pga store snøfenner som dekka heile vegen. Hadde med sykkel som eg leide gjennom snøen og sykla videre sørover, forbi vegbommen ved fylkesgrensa til Bykle ved Beinlei og vidare til Storevassdammen. La i frå meg sykkelen her og gjekk over Djupatjønnuten og ned til Storsteinen turisthytte for overnatting. Det var nordvest bris, overskya og skoddedotter vestover mens det var klarver austover og fullmåne seint denne lordagskvelden. Dagen etter blei det tur til Ratevassnuten og Steinheii .

Kart    

Over Snønuten til Krossvatn

Dato:
08.05.2010
Turtype:
Fjellskitur

Reiste heimefrå laurdag formiddag for å ta ein helgetur på vårskiføre i indre deler av Suldal. Kom til Mosvatnet middagstid. Pakka ryggsekk og bar med meg ski eit stykke før det var samanhengande snøfelt til å kunne ta skia på. Var først på Snønuten som er ein av mine favorittopper. Rant så vidare sørover og ut på Kringlevatnet der eg kom inn på kvistaløypa mot Krossvatn. Frå Gravetjørna gjekk eg vestover til Grasdalsheia, og gjekk så austover til Nøvlenuten. Vidare til Krossvatn turisthytte der eg ankom for overnatting utpå kvelden. Gjekk viare til Kaldafjellet og Skoranutane dagen etter.

Kart    

Skitur over Strålaus

Dato:
02.05.2010
Kart    

Skitur til Stutaheia

Dato:
14.03.2010
Turtype:
Langrennstur

Gjekk på nyinnkjøpte brukte langrennski fra Høgaleitet i Hunnedalen og fulgte kvista løype mot Blåfjellenden, men ved Leitesvatnet dreide eg nordaustover og gjekk mot Sandvatn. I austenden av Svartavatnet dreide eg sørover og gjekk opp på Stutaheia. Derfra gjekk eg sørvestover og ned til vestenden av Øyarvatnet og fulgte kvista løype tilbake til Høgaleitet. Denne dagen var det vekslande skydekke og sol av og til og nordvest frisk bris. Dette var ein test av skia det var meininga å bruke på Sesilåmi helga etter, men Sesilåmi blei dessverre avlyst pga sterk vind og overvatn i løypene.

Kart    

Snønuten og Kringlenuten

Dato:
25.04.2009
Turtype:
Fjellskitur

Kjørte opp til Mosvatnet og gjekk på ski frå Mostøl via Kyrkjesteindalen og Øvre Reindalen til Snønuten. Rant så ned søraustover og så opp vestover til 1488-toppen kalt Kringlenuten. Det var søraust frisk bris og første del av dagen var det fint ver men seint etter middag blei det nokså overskya og det var litt regn mens eg gjekk mellom Snønuten og Kringlenuten. Gjekk deretter ned på Kringlevatnet der eg kom inn på den kvista løypa som eg fulgte til Krossvatn turisthytte for overnatting. Kom ganske seint til hytta, og det var et par frå Jørpeland som også overnatta her denne helga.

Kart    

Taumevassknuten

Dato:
21.03.2009
Kart    

Bekkjedalsknuten

Dato:
08.06.2008
Kart    

Austra Blåfjell, Stutaheia og Hunnefjell

Dato:
18.05.2008
Turtype:
Fjellskitur

Gjekk på ski frå Lortabu i Hunnedalen og fulgte kvista løype til Sandvatn turisthytte og et stykke over Sandvatnet og så umerka opp den nokså slake austsida til Austra Blåfjell. Stor varde på toppen. Etter en forholdsvis fin start på dagen var det om ettermiddagen mørke skyer med lokal nedbør i vest. Derfor var det ikkje særlig utsikt den veien, men god utsikt austover mot Sirdalsheiane. Rant ned igjen på sørsida og gjekk over Midtra Blåfjell og ned på Svartavatnet og opp på Stutaheia. Gjekk så austover mot Mohelleren og sørover til Grodalstjørn og så i sikksakk opp austsida på Søre Hunnefjell før eg rant ned igjen i Grodalen og så austover igjen langs rv 45 tilbake til Lortabu.

Kart    

Snønuten og Kaldefjell

Dato:
19.04.2008
Kart