Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (15)
- Trugetur (15)
- Fottur (544)
-
Skitur (134)
- Fjellskitur (132)
- Langrennstur (2)
-
Sykkeltur (11)
- Blandet sykling (11)
Arkiv - Etter geografi
"Peakbookvenner"
Lister jeg samler etter
- Rogaland ≥ 250m pf.
- 2000m 50m pf. fastlandet
- 2000m 30m pf. fastlandet
- Jørpelandsheia ≥ 50m pf
- 2000m 20m pf. fastlandet
- Rogaland ≥ 100m pf.
- Strand 50m pf
- 2000m 10m pf. fastlandet
- Preikestolen Nasjonalpark ≥ 50m pf
- Gjesdal 50m pf
- Suldal ≥ 100m pf.
- Topp 1000 i Rogaland
- Sandnes 50 m pf
- Sirdal ≥ 100m pf.
- Bjerkreim 50m pf
- Stavanger 50m pf
- Jotunheimen ≥ 100m pf.
- Sør-Norge ≥ 500m pf
- 1800m ≥ 100m pf.
- Norske kremtopper av E.W.T
Favorittopper
Topper rundt Seilvassdalen
- Dato:
- 13.04.2019
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 9:30t
Dette er ein uvanlig turvariant og for spesielt interesserte. Desse toppane er normalt lettast tilgjengelig frå Øvstabø eller Hunnedalen. Då eg var på Myrfjell og Storbakknuten tre dager tidligare fant eg ut at isforholda egna seg veldig godt for sykkeltur. Isen var rundt 25 cm, men i begynnande vårløysning.
Leide sykkelen opp den asfalterte anleggsvegen til demningen i vestenden av Myrtjørna. Sykla så over isen på Myrtjørna og Stora Myrvatnet. Måtte leie sykkelen et stykke mellom dei to vatna sdan det var nedtappa etter vinteren. Totalt ca 6 km kvar veg over isen, og sykla i land i austenden ved Myrvik og gjekk opp austover til Bergan og ein rundtur over fleire namnlause topper i grensetraktene mellom Gjesdal og Sirdal rundt Seildalane eller Seilvassdalen som det står på nye kart. ØK plasserer Seilvassdalen >>>
Sinneskula
- Dato:
- 15.05.2018
- Turtype:
- Fjellskitur
Den vinterstengte Lysevegen blei åpna denne dagen og eg gjekk frå nordsida av Børsteinvatnet. Snøen har minka fryktelig fort denne våren i fleire varmeperioder frå midten av april, men stort sett samanhengande skiføre med litt kreativt rutevalg. Gjekk inn til turisthytta og kryssa vatnet og gjekk så vest for Vasstjørn opp til Simleknuten. Vidare sør- og sørvestover til Sinneskulå. Snøbart på det store platået på toppen. Høgaste punkt er trulig ca 100 m aust-nordaust for trigpunktet ved varden. ØK har 10 m-koter, men oppgav tidligare høyde 1189 et stykke aust for trigpunktet. Returen la eg på vestsida av Vassfellheii og Halvfarheii.
Urdalsknuten
- Dato:
- 26.05.2017
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 11:00t
Vegstubben opp til Rosskreppdammen var ikkje brøyta i år slik den pleier så parkerte derfor nede ved Håhellervatnet. Gjekk så opp på demningen for å vurdere forholda på fjorden. Det såg forsåvidt greit ut men frykta det var ein del overvatn og det fekk eg rett i. Nå var det så varmt i veret, kanskje nærare 20 grader, at det var til å leve med å verte blaut i føtene. Det var ennå såvidt synlige snøskuterspor nordover.
I nordenden hadde det åpna seg vest for Juvassåna der eg har pleid å gå i land før. Fant ein grei plass å gå i land innanfor Stushellerodden og måtte bere skia i strandsonen bort til Solhellerbekkjen. Denne bekken var flaumstor pga snøsmelting og brua var ikkje lagt ut. Måtte derfor halda meg på sør- og vestsida oppover før eg klarte å krysse bekken >>>
