Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Bruviknipa og Rispingen

Dato:
19.03.2015
Kart    

Høgafjellet og Hikletten

Dato:
18.03.2015
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
8:00t

Eg og Knut Sverre reiste i kvar vår bil frå Bergen til Osterøy og eg parkerte ved Båtaleitet siden eg skulle på Bruviknipa etterpå. Sat på med Knut Sverre det siste stykket inn til Blomdalsleitet i Lonadalen. Me traff på eit par karar som fortalde at det var merka sti gjennom skogen frå bommen, og det viste seg å halde stikk. Me begynte å gå i 11-tida og måtte bære skia opp til snaut 400 moh og derfra var det godt med snø og føret var greit siden det var så mildt. Ingen panserskare denne dagen. Det klarna opp ein periode mens me var på veg oppover, men det skya selvfølgelig til igjen før me nådde Høgafjellet. Ganske disig og dårlig utsikt så me hadde bare ein kort matpause og skreiv oss inn i vardeprotokollen før me rant ned sørover. Unna oss Hikletten som bonustopp >>>

Kart    

Hauggjelsvarden, Løvstakken og Knappen

Dato:
17.03.2015

Var med Knut Sverre på rundtur over det vide platået mellom Hauggjelsvarden og Ulriken. Me gjekk frå Brattland på austsida. Fint å gå til fots på det som var igjen av snø. Seinare tok me ein kveldstur til Løvstakken. Etter ein god middag hjå Astrid og Knut Sverre tok meg og Knut Sverre ein kveldstur til Løvstakken. På veg opp traff me på PB-bruker "Uncas" som var på veg ned, Så det blei et aldri så lite Peakbooktreff. Etter ein kort hyggelig prat gjekk me videre kvar vår veg. Ganske folksomt på løvstakken i denne skumringstimen. Til slutt denne kvelden tok eg ein tur aleine til Knappen. Bare et drygt kverter gangtid kvar veg. Fleire toppunkter og rester av gammal murbygning i området.

Kart    

På Bergens tak

Dato:
15.03.2015

Gjekk frå parkeringsplassen i Hausdalen på grusvegen oppover mot Brekkedalen. Rett etter Tverrelva går det sti oppover sørryggen til Søre Gullfjelltoppen som eg fulgte. Bar skia et stykke men tok dei på over ca 400 moh. Gjekk så videre nordover til Gullfjelltoppen der det var ganske folksomt denne sundagen. Tok ei litt meir vestlig rute ned og la turen over Gullfjellet og forbi Redningshytta og så opp til Austefjellet og Hausdalshorga og ned til Hausdalen igjen. Minka på snøen i sørhellinga og tok av skia på ca 600 moh.

Kart    

Samlen

Dato:
05.07.2014
Kart    

Vikanuten

Dato:
04.07.2014
Kart    

Våganipen og Øygardsåsen

Dato:
03.07.2014
Kart    

Fusafjellet og Bogafjellet

Dato:
02.07.2014
Kart