Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (13)
- Trugetur (13)
- Fottur (519)
-
Skitur (130)
- Fjellskitur (128)
- Langrennstur (2)
-
Sykkeltur (5)
- Blandet sykling (5)
Arkiv - Etter geografi
"Peakbookvenner"
Lister jeg samler etter
- Hjelmeland ≥ 100m pf.
- Rogaland ≥ 250m pf.
- 2000m 100m pf. fastlandet.
- 2000m 50m pf. fastlandet
- 2000m 30m pf. fastlandet
- Jørpelandsheia ≥ 50m pf
- 2000m 20m pf. fastlandet
- Rogaland ≥ 100m pf.
- Hordaland ≥ 500m pf.
- Strand 50m pf
- 2000m 10m pf. fastlandet
- Preikestolen Nasjonalpark ≥ 50m pf
- ROGALAND SJUMILSTØVELEN
- Suldal ≥ 100m pf.
- Topp 1000 i Rogaland
- Gjesdal 50m pf
- Sandnes 50 m pf
- Kommunetopper Vest-Norge
- Sirdal ≥ 100m pf.
- Lom ≥ 100m pf.
Favorittopper
Urdvassheii
- Dato:
- 28.06.2019
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 6:45t
Gjekk på vegen oppover Evardalen. Det er ca 4,5 km bomveg som nå koster 100 kr for bil. Planen var uansett å gå oppe på fjellryggen ned igjen så derfor unødvendig å kjøre bomvegen. Frå enden av vegen fulgte eg T-merka sti drøyt 3 km vidare vestover til Kleivi. Der gjekk eg opp sør- og austover til Urdvassheii trigpunkt. Så sørover til ein jamnhøg topp uten avmerka høyde på nokon kart. Gjekk nedover Urdevassdalen der eg kom inn på ein gammal T-sti. Det såg ikkje ut til at den stien merkes lenger sidan det var slitt T-maling på steinane. Stien går over til Evardalen, men eg gjekk over Øyetjørnsknuten og vidare austover og kom inn på ein annen (stengt) bomveg gjennom hyttefelt.
Verehovudet og Søtebekkheii
- Dato:
- 27.06.2019
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 7:00t
Gjekk over brua over Myklevassåni gjennom hyttefeltet på Stuteliheii. Så vidare i terrenget mellom Myklevatnet og Gardevatn og austover til Øydeskarshei og Den høge knausen. Deretter vestover mot Verehovudet via 994-toppen. Etter ein pause på toppen gjekk eg ned i Jarbudalen og opp på Søtebekkheii's to jamnhøge topper. Så ned i nordsida til sørvestenden av Myklevatnet og fulgte vegen det siste stykket til Myklestøyl.
Reinshornheii med Knut Sverre
- Dato:
- 04.06.2019
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 8:45t
Hadde kontakt med knutsverre (Knut S. Andersen) denne våren mtp skitur til Urdalsknuten når vegen opna i mai hvis forholda tillot det. Snøfattig vinter og varm vår satte dessverre effektivt stopp for slike planer. Knut hadde bare to kommunetopper igjen i denne delen av landet og ville gjerne ta Reinshornheii i begynnelsen av juni. Sidan eg reiser Suleskardvegen rett som det er for å følge med på snø- og isforholda passa det godt å vere med Knut på hans nest siste kommunetopptur sør for 62. breddegrad.
Me treftest som avtalt på p-plassen til Øyuvsbu litt før kl 9 og fulgte stien sørover og var bortom Øyuvsbu turisthytte. Vidare sørover langs austsida av Øyuvsvatnet mot Sandvatnet. Me måtte over Ivlungsåsni og der var det hverken bru eller tilrettelagt passering, og åna var ganske stri etter en del regn >>>
Rysstadåsen og Kisteknausen
- Dato:
- 28.10.2018
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 8:00t
Ankom Furestøyl-området dagen før for turen til Løefjell og Berefjell . Denne dagen ville eg ta ein lenger tur på sør for Myklevassåni/ Faråni. Det er åpen veg opp til Kvisletoppen hyttefelt som er eit nokså nytt hytteområde med mange fasjonable hytter til salgs. Gjekk forbi Stavtjørn opp til Rysstadåsen. Her var det faktisk god sti oppe på sjølve toppryggen. Blei ikkje klok på kor denne stien kom frå. Det er veg frå Rysstad opp i dalføret sør for Rysstadåsen, så mulig den stien går derfrå hvis den ikkje går frå Kvisletoppen. Det var frosne fotspor i stien og traff også tre stk denne dagen så det virker som ein bra besøkt topp dette sjøl om det ikkje var vardebok.
Gjekk så tilbake igjen vestover over Kvævfjødd og ned den bratte sørsida forbi Stemtjørn og opp til Kisteknausen. Litt >>>
Løefjell og Berefjell
- Dato:
- 27.10.2018
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 5:15t
Reiste frå eit solfylt Rogaland og Sirdal og over til ein overskya Setesdal og snøfnugg i lufta. Litt av ein nedtur! Det var då meldt fint ver i heile sør-Norge denne helga. Skulle eg få noko ut av dagen kunne eg ikkje forandre turplan heller. Heldigvis gjorde eg ikkje det, for det byrja å klarne opp frå nord.
Gjekk frå hyttefeltet på Furestøyl på merka sti opp sørvestsida til Løefjell. Stien følger stort sett straum/ telefonlinja gjennom skogen opp til masta på toppen. Kom til topps akkurat då sola kom fram. Postkassen på toppen var tom for vardebok, men tydeligvis populær topp sidan det var fleire andre der oppe. Det er to jamnhøge topper ca 50 m frå kvarandre.
Etterpå gjekk eg nordover forbi Akseltjørn og opp sørvestryggen til Berefjell. Så ned austryggen og opp på >>>
Gruvletinden
- Dato:
- 11.06.2017
- Turtype:
- Fottur
Etter å hatt Med saueflokk til Langeidheia denne helga skulle me på sundag gå ein kortare veg tilbake til Brokke - Suleskardvegen ved Kvislevasskardet. Vakna opp til ein grå morgon me skodd og yr, men det letta heldigvis utover føremiddagen. Me fekk heile 13 fisker i garnet i løpet av natta. Me steikte nokre av dei og åt til frukost, og resten tok me med heim. Etter denne solide frukostmiddagen gjekk me nordvestover og fulgte T-stien frå Gruvledalen til Steinbutjørnin. Eg tok ein avstikker over Gruvletinden mens dei andre fulgte T-stien. Frå Steinbutjørnin går ein annan sti så me fulgte til Kvislevasskaret der Asbjørn hadde parkert og me kjørte så ned til Håhellervatnet der me andre hadde parkert våre biler.
Etterpå kjørte eg opp igjen til Ivlungsvotni og parkerte ved Øyuvsbuparkeringa og gjekk ein >>>
Med sauedrift til Langeidheia
- Dato:
- 10.06.2017
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 31:00t
Var med Asbjørn, Morgan, Endre og Odd Einar for å jaga sauaflokkane deiras til Langeidheia i Setesdal Vesthei. Det var 3 flokker på i alt 514 sauer og lam, 214 til Asbjørn og 2 andre flokker på 150 i kvar som skulle til heis denne helga. Asbjørn hadde med dei 3 hundane sine til å halde kontroll på sauene. Me gjekk frå skiljegardene vest for Håhellervatnet kl 10 fredag og gjekk sørover Hytteheii over heilårsbru ved Rågeloni. Vidare søraustover forbi nordenden av Monsvatnet til Vidalega der me hadde overnatting til dagen etter.
Me hadde 3 pauser underveis og ein plass lagde me bål og grilde pølser. Det regna mesteparten av tida, særlig siste del av dagen, men stilt og mild temperatur. Det var to krevjande elvepasseringar rett før Vidalega. Greit å steingå for oss tobeinte, >>>
Urdalsknuten
- Dato:
- 26.05.2017
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 11:00t
Vegstubben opp til Rosskreppdammen var ikkje brøyta i år slik den pleier så parkerte derfor nede ved Håhellervatnet. Gjekk så opp på demningen for å vurdere forholda på fjorden. Det såg forsåvidt greit ut men frykta det var ein del overvatn og det fekk eg rett i. Nå var det så varmt i veret, kanskje nærare 20 grader, at det var til å leve med å verte blaut i føtene. Det var ennå såvidt synlige snøskuterspor nordover.
I nordenden hadde det åpna seg vest for Juvassåna der eg har pleid å gå i land før. Fant ein grei plass å gå i land innanfor Stushellerodden og måtte bere skia i strandsonen bort til Solhellerbekkjen. Denne bekken var flaumstor pga snøsmelting og brua var ikkje lagt ut. Måtte derfor halda meg på sør- og vestsida oppover før eg klarte å krysse bekken >>>
Søtebekkheii
- Dato:
- 27.05.2016
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 7:30t
Minkar på snøen så det blei fleire korte skiberinger. Ifølge kartet er det to topper på 1089 på Søtebekkheii. Trigpunktet på den nordre toppen ser kanskje høgast ut og har best utsikt. Gjekk så sørvestover og tok ein runde over 3-4 andre sekundærtopper. Var fyrst på Hesteheii der det var godt utsyn rett over til Gruvletinden som ser ganske imponerande ut herfrå. Så nord- og vestover til Den Flate Heii, Gluggvarden og Reinsskaren. Tilskying frå aust utover dagen og nokre regndråper men fortsatt varmt ver denne fredagen. Rant til slutt ner til austenden av Kvislevatnet og fulgte vegen ned til Sandvatn.