Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Nånesknapen og nabotopper

Dato:
24.10.2021
Turtype:
Fottur
Kart    

Syndre Hartevassnuten

Dato:
02.06.2021
Turtype:
Fottur

Var først oppom Røyrvikåsen og Otrosåsen. Det er et virvar av vegar i dette hytteområdet sør for hovden med veg nesten til topps på begge toppane. Deretter gjekk eg på merka sti mot Hartevassnuten frå parkeringsplass ved Rv 9 sør for høyfjellshotellet. Fulgte blåmerka sti over Nordre Hartevassnuten, og så ein avstikker oppom den namnlause toppen sør for Austmannskardet på veg til Syndre Hartevassnuten. Det var ikkje sti vidare sørover, men eg gjekk likevel vidare mot den karakteristiske Hartevassnibba som ses godt frå Hovden. Her viste det seg å koma sti opp vestfrå og opp den særs bratte nordsida av toppknausen. Fulgte denne stien ned igjen til rv 9. Det var ikkje skilta stistart nedanfrå, men den begynner frå det vestligste punktet på rv 9 langs Hartevatnet.

Kart    

Storenut og Tjørnnuten

Dato:
01.06.2021
Turtype:
Fottur
Turlengde:
8:30t

Fulgte vegen til brua over elva mellom Breivevatnet og Hartevatnet, og så på sti sørover. Såg ingen sti så tok av mot Storenut, så eg gjekk bare rett opp austryggen ein snau km sør for nevnte bru. Oppe ved Eggi kom eg faktisk inn på ein sti så eg fulgte vidare opp til Vesterdalsfjellet. Mista stien oppe på platået her, men åpent og lettgått terreng vidare til Storenut. Gjekk ned sørvestsida og opp nordaustryggen til Tjønnuten. Så ned austryggen ned i Vesterdalen der eg kom inn på T-sti så eg fulgte tilbake til utgangspunktet.

Kart    

Skurefjellet og Nobbane

Dato:
31.05.2021
Turtype:
Fottur
Turlengde:
11:15t

Vegen er stengt med bom midtvegs langs Breivevatnet. Der gjekk eg vidare vestover og så på T-sti nordover der den tar av frå vegen omtrent ved vestenden av Breivevatnet. Fulgte stien til litt forbi Væringsvatnet der eg så forsøkte å finne anleggsvegen som er inntegna på kartet. Den vegen var ikkje så lett å finne før litt opp i fjellsida under Nobbane. Vegen går opp til noko som ser ut som ei gruvesjakt, men det har nok samanheng med kraftutbygging. Gjekk vidare over fjellryggen og tok sjansen på å krysse det regulerte Skyvatn i vårløysninga. Litt vanskelig å finne egna plass å gå utpå i sørsida, og som venta ennå vanskeligare å gå i land i nordsida. Måtte leite litt før eg fant eit bratt svaberg å klyve i land på der det nok hadde gått fleire snøras i vinter/ vår. >>>

Kart    

Veggine og Syni

Dato:
30.05.2021
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
10:30t

Var usikker på snøforholda, men tok sikte på sesongens siste skitur. Bar skia med meg på vegen oppover via Lundebuteigen mot Storenos. Tok på skia på ca 1050 moh, og gjekk på både natur- og kunstsnø i alpintraseen. Vegen opp var brøyta, og fleire andre var på fottur. Gjekk vidare nord- og vestover via Stemtjørnnutane til Veggine. Nesten samanhengande skiføre i aust- og nordvendte hellinger, men måtte sjølsagt bære skia på toppryggane. I skaret vest for Hellerstjønn satte eg igjen skia for å gå til fots opp og ned sørvestryggen til Syni. På returen gjekk eg via Skykkjebekkhaugane, og så sørover i overkant av 1100 moh for å utnytte nesten samanhengande snøfelt. Så skibæring siste stykket ned via vegen i alpintraseen.

Kart    

Kveldstur til Hovdenuten

Dato:
29.05.2021
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:30t

Reiste til Hovden for å ta et toppraid i nordre del av Setesdalen. Har kjørt gjennom Hovden mange gonger, men aldri vore på nokon av toppane der. Det var det på tide å gjere noko med. Begynte med ein av dei lettast tilgjengelige toppane som er Hovdenuten. Ved skisenteret er det skilta og merka som rundtur der eg gjekk opp søraustryggen og ned nordvestryggen. Tørr og fin sti opp, men fleire litt blaute partier i nordsida.

Kart    

Urdalsknuten

Dato:
20.05.2021
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
10:30t
Kart    

Berdalsnuten og Eirikshovden

Dato:
19.10.2020
Kart    

Krenkjarsmonutan og Midnuten

Dato:
18.10.2020
Kart    

Hårshovden

Dato:
17.10.2020
Kart