Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Vardafjell

Dato:
09.04.2020
Turtype:
Fottur
Turlengde:
8:00t

Tur heimefrå over Kolfjellet og ned til Søredalen. Der er der merka tursti til Sygno frå sørenden av Skjelbreidtjørna. Gjekk så over Kråkeberget og Vaulaberget og rundt nordenden av Skjeldbreidtjørna og inn på anleggsvegen til Vardafjell frå Leikvam i Noredalen. Det er stengt og skilta med adgang forbudt for uvedkommende, men lett å gå rundt. Ingen aktivitet skjærtorsdag, men det var andre turgåere. Det er merka sti til Vardafjell frå sørenden av Skjelbreidtjørna som krysser anleggsvegane. Dei omstridte vindmøllene er ennå ikkje satt opp, men det kan skje om få mnd. Det skal visstnok settes opp i alt 32 (7+25) møller, så landskapet vil då endra seg ein del. Fulgte den vegen som går mot Svanetjørna og derfrå er det kort gange i terrenget til toppen. Retur via Husafjellet >>>

Kart    

Dyranuten

Dato:
06.03.2020
Turtype:
Fottur
Kart    

Risfjellet

Dato:
29.02.2020
Turtype:
Fottur

Dei fleste går nok til Risfjellet frå Gjesdalhallen på Solås/ Ålgård, men det er sti også frå Flassamyrveien på nordsida av Risfjellet. Gjekk på vegen ned til vestenden av Flassavatnet, og så på blåmerka stedvis sorpete sti opp til toppen som nå har fått ny arkeoplanboks med vardebok. Risfjellet er nå med i det gode selskap av 12 andre topper i Vardejakten som arrangeres av Ålgård Orientering. Sterk sønnavind og litt nedbør i lufta så det blei kort stopp før eg gjekk vidare vestover til Ravnefjell før retur til Flassamyrveien og opp til Blegafjellet der det ikkje er sti. Var og oppom Krossfjellet som også er ein av Vardejakt-toppane.

Kart    

Dyranuten

Dato:
14.02.2020
Turtype:
Fottur
Kart    

Dyranuten

Dato:
04.02.2020
Turtype:
Fottur
Kart    

Dyranuten

Dato:
03.02.2020
Turtype:
Fottur
Kart    

Dyranuten

Dato:
26.12.2019
Turtype:
Fottur
Kart    

Aust for Ramsdalen

Dato:
29.11.2019
Turtype:
Trugetur

Tur til ein litt avsides topp, men som er lett tilgjengelig på dagstur om ein har med sykkel. Sykla oppover mot Svartevassdammen om formiddagen, og vegen var brøyta dei ca 15 km opp til Duge så greie sykleforhold. Det er T-sti langs nordsida av Grauthellervatnet til Grautheller turisthytte, men eg gjekk snarvegen over isen til hytta. Hadde med truger så eg brukte i terrenget med 15-30 cm snø. Gjekk den relativt slake ryggen sørvestover drøyt 2 km til den namnlause toppen som på gamle kart har høyde 991 m. Fortsatte eit stykke til og måtte bratt ned, og så bratt opp til Indra Raudberg. La returen i ein bue nord for 991-toppen, og kom inn på spora mine igjen som eg fulgte tilbake ned til Grauthellervatnet. Skyfri himmel første del av dagen, men tilskyande frå nordvest utpå dagen.

Kart    

Dyranuten

Dato:
15.11.2019
Turtype:
Fottur
Kart    

Dyranuten

Dato:
08.11.2019
Turtype:
Fottur
Kart