Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Auråhorten

Dato:
07.05.2023
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
10:48t
Distanse:
46,7km

Begynte skituren ved trafostasjonen ovanfor Duge kraftverk. Vegen vidare opp til dammen var ikkje brøyta. Gjekk over Svartevassmagasinet og opp den bratte sørsida til Auråhorten. Passerte kommunegrensepunktet mellom Sandnes, Sirdal og Bykle. Ser ut som eg bomma med ca 5 meter, men det får være godkjent under tvil. Vidt topplatå oppe på Auråhorten, og gjekk ein runde over fleire vardesatte sekundærtopper. Så oppom Skrumleknuten til fots via nordsida og til Tyskebottsknuten via austsida. Vidare til Presteknuten og ned Litle Aurådalen og retur over Svartevassmagasinet. Veldig bra skiføre på heile turen. Litt kjølig søraust trekk i høyden. Anleggsvegen opp til Duge er normalt stengt med bom i Flatstøldalen.

Kart    

Bergeheii og Litle Auråhorten

Dato:
21.04.2023
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
7:52t
Distanse:
32,0km

Vegen frå bommen i Flatstøldalen opp mot Svartevassdammen var nylig brøyta. Sykla oppover og begynte skituren frå trafostasjonen ovanfor Duge kraftverk. Gjekk vidare på ski opp til Svartevassdammen og ut på kraftmagasinet Svartevatn. Det går kvistaløype mellom Grautheller og Litle Aurådal og Storsteinen turisthytter. Fulgte den løypa et stykke før eg gjekk over Molteheii og vidare til Bergeheii som er øytopper i Svartevassmagasinet. Så nordover til Litle Auråhorten. Retur over Svartevassmagasinet, med en avstikker oppom austtoppen til Loneknuten. Utenom skituren er det ca 15 km sykkeltur kvar veg frå bommen i Flatstøldalen.

Kart    

Dyranuten

Dato:
20.03.2023
Turtype:
Fottur
Kart    

Dyranuten

Dato:
06.03.2023
Turtype:
Fottur
Kart    

Dyranuten

Dato:
02.03.2023
Turtype:
Fottur
Kart    

Dyranuten

Dato:
02.02.2023
Turtype:
Fottur
Kart    

Dyranuten

Dato:
09.01.2023
Turtype:
Fottur
Kart    

Åslandsnuten og Skurvenuten

Dato:
24.12.2022
Turtype:
Fottur
Kart    

Varmekroheia

Dato:
19.11.2022
Turtype:
Fjelltur
Kart    

Vedafjellet og Melsheitopper

Dato:
31.10.2022
Turtype:
Fottur
Turlengde:
5:28t
Distanse:
16,5km

Gjekk frå arboretet som ligger ved Espelandsveien mellom Bråstein og Sviland. Var først på Skogaberget og Steinfjellet som har merka sti og flott utsikt over arboretet. Vidare over beitemark uten sti til Netland, og så opp til Brekkafjellet. Der er det merka sti frå Melsheia til Vedafjellet via sør- og austsida av Skjenanuten, mens eg gjekk over Skjenanuten. Frå Vedafjellet fulgte eg merka sti ned til Kleivane og gjennom byggefeltet der eg gjekk litt feil. Fekk tilsnakk av ein fordi eg gjekk gjennom hagen hans. Beklaga meg, og sa at det ikkje skulle gjenta seg. Vidare på sti over Ragnhildnuten, og på veg og sti resten av turen gjennom Melsheia tilbake til Arboretet. Har vore på alle desse toppane før, men med litt usikker dato på fleire av småtoppane.

Kart