Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Trollvasstinden og Frøhornet

Dato:
19.10.2013

Fra E39 ved Bjørkedalsvatnet var det skilta til Laurdalssætra som var bomveg (30 kr). Parkerte litt aust for sætra og gjekk på en skogsveg nordaustover til Tverrelva. Herfra gjekk eg nordover og kom snart inn på ein god sti opp Sandviksdalen. På ca 700 moh forlot eg stien og gjekk opp til Vassendfjellet, Hyrnene og Bytingstinden og så videre på den litt plundrete eggen bort til Trollvasstinden. Det var bortimot 10 cm nysnø her oppe. Gjekk så videre vestover til 1230-toppen og tilbake igjen i den sørvestvendte fjellsida og kom opp på ryggen igjen sør for Bytingstinden, og videre sørover over Storetuva og ned i skaret og så opp nordvestover til Frøhornet. Herfra sørover litt sikk-sakk nedover på hyller og renner ned til Laurdalen og så på sti og veg ned til Laurdalssætra. >>>

Kart    

Løsethornet og Svartdalshornet

Dato:
18.10.2013

Frå nordenden av Vasslidvatnet på 350 moh gjekk eg oppover i vestsida av Løsethornet til toppen. Det var nok 6-8 cm nysnø men greit å gå. Gjekk så sørover til vatn 649 i Svartebotnene. Hadde tenktå gå Tverregga opp til Kvanndalshornet, men det såg ut til å vere et særs bratt parti sørvest for Tverregga så derfor denne omgåelsen ned til vatnet og så opp austryggen til Kvanndalshornet og sørover til Svartdalshornet. Gjekk så nordvest og vestover ned til ca 600 moh, og så nordover til Vasslida og ned til sørenden av Vasslidvatnet. Rundtur på 7t korav ca 6t gangtid.

Kart    

Helsethornet

Dato:
17.10.2013

Frå E39 ved sørenden av Storesætervatnet tok eg av på bomvegen (30 kr) Tuavegen opp Fladalen. God parkeringsplass i enden av vegen ikkje så langt frå Movatnet. Herfrå er det visstnok T-merka sti opp til Helsethornet/ Tua. Fulgte stien et stykke men da det gjekk nedover langs høgspenttraseen mot Movatnet rekna eg med eg var på villspor. Denne ettermiddagen var det snøbøyer og snøen la seg ned til 3-400 moh og pga snøen var stien vanskelig å sjå. Lågt skydekke gjorde det i tillegg vanskelig å orientere meg så eg gjekk bare min eigen veg oppover Skåldalen og kom meg opp til 873-toppen. Herfa drog eg kjensel på Ramnegrøvatnet i nord så då forstod eg ialfall kor eg var. Måtte gå eit stykke ned igjen før eg fortsatte vestover forbi fleire knauser og fekk så auge på toppen >>>

Kart    

Litlemoldskreddalen rundt

Dato:
03.10.2013
Kart    

Storhornet og nabotopper

Dato:
02.10.2013
Kart    

Hornindalsrokken og nabotopper

Dato:
01.10.2013
Kart    

Holtafjellet og Mannefjellet

Dato:
30.09.2013
Kart    

Sætredalsfjellet og Fivelstadnibba

Dato:
28.09.2013
Kart    

Stolshyrna og Vollsetskåla

Dato:
27.09.2013
Kart