Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Glåmsheii og Pløsa

Dato:
15.10.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
10:16t
Distanse:
19,3km

Fulgte skogsveg et stykke, og så videre i terrenget til Glåmsheii. Litt snørester over 900 moh, og det auka gradvis til ca 8 cm snø over 1200 moh. Så sørover via nokon sekundærtopper til Pløsa. Var i litt redusert form pga kraftig forkjølelse (muligens det media omtaler som korona) så eg brukte lenger tid enn eg hadde tenkt, og nådde ikkje Pløsa før i blåtimen etter solnedgang. Retur vestover mot Finnstøyl der eg kom inn på skogsvegen eg fulgte ned til utgangspunktet. Siden det var klar månelys kveld brukte eg bare sporadisk lykt.

Kart    

Skogestøylheii og Stakkfitheii

Dato:
14.10.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
4:02t
Distanse:
9,2km

Gjekk ein runde til skogs over Skogestøylheii og Stakkfithei. Kom meg såpass seint avgårde at dagslyset forsvant på veg ned frå Skogestøylheii, så eg brukte lykt på turen over Stakkfitheii. For å komme inn på skogsvegen igjen måtte eg krysse Bjørgåni. Siden det var mørkt lette eg ikkje etter mulighet for å gå tørrskodd over, så eg vada barføtt over. Vatnet gjekk til midt på lårå på det djupaste så eg blei blaut på buksa så eg hadde bretta opp. Fulgte skogsvegen i måneskin opp igjen til utgangspunktet.

Kart    

Sinneskula

Dato:
23.05.2024
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
6:31t
Distanse:
19,9km

Parkerte på sørsida av Lysevegen litt vest for fylkesgrensa. Lite snø igjen i området etter en veldig varm mai. Isløysning på Børsteinsvatnet, men mulig å krysse tvers over den lange smale vestlige vika. Derfrå var det snøsikker trase med greit skiføre sørover mot Sinneskula men nokon få korte passasjer med skibæring. På veg opp nordaustryggen av Sinneskula tjukna det til frå søraust og eg fekk ei kort men intens regnbøye over meg. Eit tordenbrak var det og. Blei fort blaut og kald, men det letta heldigvis fort opp så greit å fortsette turen. La returen over Vassfellheii og Halvfarheii. Ved oppstigninga til Vassfedlheia kom eg på fotohold av ein liten vadefugl, fjæreplytt, bare få meter frå meg. På slutten av turen skvatt det litt regn igjen, men då var eg nesten opptørka.

Kart    

Urdalsknuten og Simleknuten

Dato:
22.05.2024
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
15:48t
Distanse:
43,3km

Den vinterstengte Suleskarvegen åpna etter vinterstengning middagstid 21. mai, og eg reiste opp om ettermiddagen for å sjekke forholda. Det såg bedre ut enn eg frykta etter varmen siste veka. Då eg var ved Rosskreppdammen var det en annen kar så kom for sjekke forholda på fjorden. Han hadde hytte i Sirdal og tenkte å gå til Urdalsknuten dagen etter. Siden eg og skulle gå avtalte me å gå kl 6.30. Eg overnatta i bilen, og mens eg åt frokost kom han i 6-tida. Me begynte å gå en halvtime seinare og det var fine forhold med tynn morgenskare etter klarværsnatt. Me gjekk i land ved Stushellerodden der det var lett å gå i land på nordsida av odden. Det hadde som venta åpna seg opp i nordenden av Rosskreppfjorden, og umulig å gå i land der eg pleier. Turkameraten skulle rekke en avtale >>>

Kart    

Stutaheia

Dato:
21.04.2024
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
6:00t
Kart    

Vardefjellet

Dato:
31.10.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
6:22t
Distanse:
14,4km
Kart    

Hunnefjell og Grohei

Dato:
08.06.2023
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
5:27t
Distanse:
18,7km

Parkerte mellom Hunnevatn og Lortabu. Mykje vatn i bekken pga snøsmelting, men akkurat her er det greit å steingå over bekken. Bar skia et stykke opp fjellsida før eg kom inn på snøen. Ennå ganske mykje snø i Grodalen og i aust- og nordhellingane av Hunnefjell og Grohei. Gjekk til fots opp og ned den snøbare vestsida av Indre Grohei, og vidare på ski til Grohei og ned sørsida til skiføret tok slutt. Lettgått på tørre sva nedover til Hunnedalen.

Kart    

Urdalsknuten

Dato:
21.05.2023
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
7:57t
Distanse:
33,4km

Brokke - Suleskard - vegen mellom Sirdal og Setesdal åpna middagstid etter vinterstengning. Fortsatt godt med snø og godt skiføre over Rosskreppfjorden uten overvatn eller gjennomslagsføre annet enn langs land. Samanhengande skiføre opp til Urdalsknuten. Brukte 1 t og 45 min over fjorden og ytterliggare 1 t til topps, og så ein drøy time pause. Retur ned via Solhedlerskvæven og tilbake over fjorden.

Kart    

Auråhorten

Dato:
07.05.2023
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
10:48t
Distanse:
46,7km

Begynte skituren ved trafostasjonen ovanfor Duge kraftverk. Vegen vidare opp til dammen var ikkje brøyta. Gjekk over Svartevassmagasinet og opp den bratte sørsida til Auråhorten. Passerte kommunegrensepunktet mellom Sandnes, Sirdal og Bykle. Ser ut som eg bomma med ca 5 meter, men det får være godkjent under tvil. Vidt topplatå oppe på Auråhorten, og gjekk ein runde over fleire vardesatte sekundærtopper. Så oppom Skrumleknuten til fots via nordsida og til Tyskebottsknuten via austsida. Vidare til Presteknuten og ned Litle Aurådalen og retur over Svartevassmagasinet. Veldig bra skiføre på heile turen. Litt kjølig søraust trekk i høyden. Anleggsvegen opp til Duge er normalt stengt med bom i Flatstøldalen.

Kart    

Hadvarshei og Dyngjanhei

Dato:
22.04.2023
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
6:13t
Distanse:
20,0km

Sykla frå bommen i Flatstøldalen opp til vegen inn til Flatstøl, og gjekk på ski derfrå. Gjekk så på ski opp til Hassteinsfjellet og vidare over Rupedalshei til Hadvarshei. Så vidare nordover til Dyngjanfjellet og Dyngjanhei. Retur nedover Kregdedalen til Flatstøl. Det skya til frå sør seint om ettermiddagen og skvatt litt regn om kvelden. Ca 3,5 km sykkeltur kvar veg tur/ retur frå bommen i tillegg til skituren.

Kart