Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Gavlafjellet og nabotopper

Dato:
17.10.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
7:30t

Etter turen til Bjørndalshesten og Kvitanosi dagen før kjørte eg anleggsvegen frå Trefall mot Holskarvatnet. Vegstandarden var god, men det låg snø over vegen i svingen mot Holskardvatnet. Hadde ikkje behov for å kjøre så langt så eg snudde og kjørte litt sørover igjen. Begynte rundturen mellom Gavlavatnet og Skjerjavatnet og gjekk med klokka over Gavlafjellet, Sørdalsfjellet, Hellesåta og Askjellfjellet. Traff på 3 rypejegere i Skorvadalen og dei hadde visst fått ei rype. Det var nok deira skot eg haurte då eg va på Gavlafjellet. Klart ver med optimal utsikt og frå Gavlafjellet og Sørdalsfjellet kunne eg lett sjå Hurrungane og Galdhøpiggen med kikkert t.v. (nord) for Fresvikbreen. Dagen etter gjekk turen til Skjerjavasshovden og nabotopper .

Kart    

Bjørndalshesten og Kvitanosi

Dato:
16.10.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
6:30t

Kjørte anleggsvegen frå Brekkhus opp til Volavatnet. Gjekk opp til demningen og lurte litt på kva vegvalg eg skulle ta. Det blei til at eg gjekk litt ned igjen og fulgte den blåmerka stien et stykke før eg dreide sørvestover for å ta med Bjørndalshesten. Så ned i skaret der stien går gjennom, men eg gjekk derfrå bratt oppover til Kvitanosberget. Så ned på nordsida over den islagte Kvitanostjørna og opp austryggen til Kvitanosi. Det låg litt nysnø oppå den gamle snøen over 1300 moh, men ingen nysnø i området ellers. Hadde lang pause på toppen og studerte utsikten med kikkert i det usedvanlig klare veret. Ifølge infosklit nede ved parkeringa skulle det ca 600 m nordvest for Kvitanosi ligge restar av eit tysk fly som styrta under krigen. Fant denne plassen ganske greit og >>>

Kart    

Amleholten

Dato:
24.09.2015
Kart    

Store og Vetle Haugmelen

Dato:
23.09.2015
Kart    

Storehaugfjellet og Lingesetfjellet

Dato:
22.09.2015
Kart    

Fivlenosi og nabotopper

Dato:
21.09.2015
Kart    

Liabrekulen

Dato:
20.09.2015

På PB-treffet på Leirvassbu snakka eg om å gå på Semeltinden/ -kødden denne dagen men etter ein lang frukost ombestemte eg meg og reiste heller til Sognefjellet for å gå på Liabrekulen og nokon andre mindre topper som eg tok med i same slengen. Et par km vest for Sognefjellhytta går ein snaut 5 km lang grusveg nordover ned til Storvatnet. På kartet vises det bom på denne vegen, men det var heldigvis ingen bom så det var greit å kjøre heilt til demningen i sørenden av Storvatnet. Etter først å ha teke Dyrhaugen gjekk eg over Kjerringhetta og videre nordvestover på austsida av Moldskrevatnet og så oppover til Liabrekulen. Det låg dessverre skyer nedpå dei fleste toppane i Jotunheimen, men ellers var det ganske bra utsikt. På veg ned gjekk eg over breen og snøfelta så >>>

Kart    

Surtningstinden og Stetinden

Dato:
19.09.2015
Kart    

Olavsbunuten

Dato:
18.09.2015
Kart    

Litlaheia og Gråtoknuten

Dato:
09.09.2015
Turtype:
Fottur

Sykla frå parkeringsplassen nedover til Brådland, og gjekk på sti oppover til ca 1 km vest for Midtstølsvatnet. Så en tur oppom Tverrfjell og deretter opp den bratte sørsida til Litlaheia og så vestover til Gråtoknuten. Fortsatte vidare vestover over Brattelifjell og ned til trigpunktet på 514 m som er eit flott utsiktspunkt utover Frafjorddalen. Gjekk så ned nordover til p-plassen ved Månafossen.

Kart