Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Søtebekkheii

Dato:
27.05.2016
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
7:30t

Minkar på snøen så det blei fleire korte skiberinger. Ifølge kartet er det to topper på 1089 på Søtebekkheii. Trigpunktet på den nordre toppen ser kanskje høgast ut og har best utsikt. Gjekk så sørvestover og tok ein runde over 3-4 andre sekundærtopper. Var fyrst på Hesteheii der det var godt utsyn rett over til Gruvletinden som ser ganske imponerande ut herfrå. Så nord- og vestover til Den Flate Heii, Gluggvarden og Reinsskaren. Tilskying frå aust utover dagen og nokre regndråper men fortsatt varmt ver denne fredagen. Rant til slutt ner til austenden av Kvislevatnet og fulgte vegen ned til Sandvatn.

Kart    

Beinleinuten

Dato:
26.05.2016
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
6:30t

Overnatta ved Rosskreppdammen etter den lange turen til Urdalsnuten og Snorreheii dagen før. Kom meg ikkje avgårde før i 16-tida, men ville utnytte det gode skiføret på Rosskreppfjorden for å ta Beinleinuten som ellers ligger litt utilgjengelig til. Ennå berande is med tynt snølag men gjekk igjennom det øverste sørpeislaget nokon plasser. Gjekk aust for Botnshaug og på land sør for Kverevassheii der det nå var tort land pga låg vasstand og så over Kverevatnet og opp ryggen til Beinleinuten. Frittliggande topp med meste like god utsikt som frå Urddalsknuten. Deretter sørover for å ta med ein sekundærtopp med høyde 1266 (ifølge gamle kart) ved Piksteintjønni, og rant så ned til Kverevatnet igjen og gjekk tilbake over fjorden rundt vestsida av Botnshaug.

Kart    

Urdalsnuten og Snorreheii

Dato:
25.05.2016
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
12:00t
Kart    

Vallresknuten

Dato:
17.05.2016
Turtype:
Fottur
Kart    

Frafjordhatten

Dato:
16.04.2016
Turtype:
Fottur
Kart    

Vådlandsknuten

Dato:
09.04.2016
Turtype:
Fottur
Kart    

Himmelsyna og Rypeknuten

Dato:
23.03.2016
Turtype:
Fjellskitur
Kart    

Årdalsknapen og Bertesknapen

Dato:
22.03.2016
Turtype:
Fjellskitur
Kart    

Rustfjellet

Dato:
21.03.2016
Turtype:
Fjellskitur
Kart    

Trollaskarknuten og Svalafjellet

Dato:
19.03.2016
Turtype:
Fjellskitur

Gjekk til fots og bar med ski opp til Søra Dalafjellet. Derfrå var det godt skiføre på kram snø vidare austover. La i frå meg ski i Trollaskardet og gjekk opp den særs bratte sørsida til Trollaskardknuten. Så rant eg ned austover og gjekk opp den relativt bratte vestryggen til Svalafjellet. La igjen ski ca 50 hm nord for toppen siden det hadde begynt å fryse på. Frå Svalafjellet gjekk eg sørover for å gå oppom toppane på Husafjellet. Fleire jamnhøge topper der men pf er nok under 50 m. Så opp igjen til Svalafjellet for å renne ned igjen. Frå vestenden av Håhellervatnet var det beltespor i snøen (sannsynligvis firhjuler med belter) som var greit å gå i nedover Daladalen forbi dnt-hytta Songedalen Fjellgard. Nedforbi hytta tok skiføret slutt og eg bar skia med på grusvegen >>>

Kart