Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Skamdalshorgi og Høgahorgi

Dato:
05.06.2016
Turtype:
Fottur
Turlengde:
8:45t

Var fyrst på Skamdalshorgi der det var god sti opp frå bakketoppen mellom Kjeatjørni og Grønlivatnet. Nokre snøfenner låg ennå igjen. Traff på fleire andre langs stien. Vardebok på toppen. Sykla så ned til Bulkuhaugen og fulgte stien til Horgastølen. Der fant eg ingen sti vidare men gjekk rett oppover til Høgahorgi. Snøen var nettopp forsvunnet og lettgått uten høg vegetasjon. Vardebok på toppen. Så nedover nordryggen fra Høgahorgi og kom inn på ein sti igjen så eg fulgte et stykke før eg gjekk vestover til Lyklaknappen og så ned gjennom skogen til Kjeatjørni og til slutt oppom trigpunktet Storhaug ved eit hyttefelt.

Kart    

Grønahorgi og Tinden

Dato:
04.06.2016
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
7:15t
Kart    

Tveitakvitingen og Høganovi

Dato:
03.06.2016
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
11:00t

Ein lenge planlagt men stadig utsatt tur til Tveitakvitingen skulle nå endelig realiserast. Hadde tenkt å ta denne turen på ski og her ligger heldigvis snøen lenge men etter ein sommarvarm mai månad var eg forberedt på ein del skibering før eg kom opp til samanhengande snø. Hadde funne ein parkeringsplass på sørsida av Rv 7 litt aust for Mødalsvegen som ikkje hadde oppslag om "Privat parkering" eller 3-sifra døgnavgift for parkering. Veit ikkje om desse avgiftene gjelder utanom sesongen, men nå slapp eg å tenka på det. Hadde med sykkel som eg brukte opp den drøyt 3 km lange Mødalsvegen som er stengt med bom. 200 hm stigning så måtte leie sykkelen mesteparten opp, men veldig greit når ein kan trille ned igjen etter endt tur. Frå Mødal går stien vidare sørover >>>

Kart    

7-nutstur i Sandnes

Dato:
29.05.2016
Turtype:
Fottur
Turlengde:
5:30t
Kart    

Søtebekkheii

Dato:
27.05.2016
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
7:30t

Minkar på snøen så det blei fleire korte skiberinger. Ifølge kartet er det to topper på 1089 på Søtebekkheii. Trigpunktet på den nordre toppen ser kanskje høgast ut og har best utsikt. Gjekk så sørvestover og tok ein runde over 3-4 andre sekundærtopper. Var fyrst på Hesteheii der det var godt utsyn rett over til Gruvletinden som ser ganske imponerande ut herfrå. Så nord- og vestover til Den Flate Heii, Gluggvarden og Reinsskaren. Tilskying frå aust utover dagen og nokre regndråper men fortsatt varmt ver denne fredagen. Rant til slutt ner til austenden av Kvislevatnet og fulgte vegen ned til Sandvatn.

Kart    

Beinleinuten

Dato:
26.05.2016
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
6:30t

Overnatta ved Rosskreppdammen etter den lange turen til Urdalsnuten og Snorreheii dagen før. Kom meg ikkje avgårde før i 16-tida, men ville utnytte det gode skiføret på Rosskreppfjorden for å ta Beinleinuten som ellers ligger litt utilgjengelig til. Ennå berande is med tynt snølag men gjekk igjennom det øverste sørpeislaget nokon plasser. Gjekk aust for Botnshaug og på land sør for Kverevassheii der det nå var tort land pga låg vasstand og så over Kverevatnet og opp ryggen til Beinleinuten. Frittliggande topp med meste like god utsikt som frå Urddalsknuten. Deretter sørover for å ta med ein sekundærtopp med høyde 1266 (ifølge gamle kart) ved Piksteintjønni, og rant så ned til Kverevatnet igjen og gjekk tilbake over fjorden rundt vestsida av Botnshaug.

Kart    

Urdalsnuten og Snorreheii

Dato:
25.05.2016
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
12:00t
Kart    

Vallresknuten

Dato:
17.05.2016
Turtype:
Fottur
Kart    

Frafjordhatten

Dato:
16.04.2016
Turtype:
Fottur
Kart    

Vådlandsknuten

Dato:
09.04.2016
Turtype:
Fottur
Kart