Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Hammarsfjellet og Hagaknuten

Dato:
10.03.2017
Turtype:
Fottur
Turlengde:
4:45t

Parkerte langs vegen ovanfor Asbjørnstjørna og gjekk opp på god sti frå nordsida av tjørna opp skaret mellom dei to Hammarsfjelltoppane. På toppen av skaret går stien nord- og vestover til Ørnahammaren. Skrøydeboka på toppen vitner om at dette er ein populær trimtopp. Utsikten herfra er veldig flott. Gjekk så oppom Hammarsfjellet som er ca 2 m høgare enn Ørnahammeren. Her var utydeligare sti og ikkje fullt så fin utsikt som fra Ørnahammaren. Vidare ned igjen til Asbjørnstjørna og ein snau km langs vegen nedover til Breivik der eg gjekk opp ein grusveg til venstre. Kom opp til ei myr aust for Grimstjørna og gjekk derfrå opp søraustryggen til Eikelifjellet. Fant ingen sti her, men greit nok å ta seg fram i bjørk og furuskog. Så nordover til Hagafjellet og ned i austsida >>>

Kart    

Dyranuten

Dato:
08.03.2017
Turtype:
Fottur
Turlengde:
4:00t
Kart    

Vallresknuten

Dato:
07.03.2017
Turtype:
Trugetur
Turlengde:
4:00t
Kart    

Dyranuten

Dato:
26.02.2017
Turtype:
Fottur
Kart    

Horsknuten

Dato:
24.02.2017
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:30t

Gjekk opp frå nordsida og drøyt 200 hm oppstigning til Horsknuten. Ingen sti men ikkje så krevande terreng som det ser ut. Kva namneopprinnelse denne toppen har kan eg bare spekulera i, og det er vel at den ser så alpin og tilsynelatande ubestigelig ut. Tilsvarande det meir kjende fjellområdet vest i Jotunheimen. Var spent på om det gjekk greit å gå ned på sørsida som har endå brattere fjellside. Det viste seg uproblematisk med bare litt enkel klyving. Gjekk så vidare sørover til Ørnalemmen og Bukkedalsknuten og til slutt Krågå før eg gjekk ned til Sundvor og fulgte vegen opp igjen til utgangspunktet.

Iglandsklubbafjellet

Dato:
15.02.2017
Turtype:
Trugetur
Turlengde:
5:30t
Kart    

Stølafjellet

Dato:
12.02.2017
Turtype:
Fottur
Turlengde:
6:30t
Kart    

Fitjanuten og nabotopper

Dato:
08.02.2017
Turtype:
Fottur
Turlengde:
8:00t
Kart    

Dyranuten

Dato:
07.02.2017
Turtype:
Fottur
Kart    

Vådlandsknuten

Dato:
31.01.2017
Turtype:
Trugetur
Turlengde:
7:30t

Flott solskinsdag etter at det kom 20-25 cm nysnø over 600 moh på sundag. Gjekk til fots langs Fossbekken og over Fisketjørnane og tok på trugene i austenden av Indra Fisketjørn. Det var fotspor i snøen langs stien oppover mot Vådlandsknuten. Oppe på drøyt 700 m kom eit par nedover mot meg og dei hadde nettopp vore oppe på Vådlandsknuten. For min del var eg glad eg hadde truger sjøl om det var ferdigtråkka spor. Etter ein kort pause på toppen gjekk eg ein ekstrarunde aust- og sørover over Langavatn og Vådlandsvatnet for ismålinger med øks. Siste del av turen tilbake i same spor som opp mens det var nymånesigd på kveldshimmelen.

Kart