Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Skibufjellet og Gryteheia

Dato:
29.03.2009
Turtype:
Fjellskitur

Gjekk på ski frå Stavtjørn alpinanlegg sørover opp Kaldrassheia og så opp sørvestryggen til Skibufjellet. Der var det bratt og eg bar skia et stykke. Gjekk over store Grytevatnet til Gryteheia der eg hadde ein lengre pause. Så vidare austover Tindeknuten, nordover til Urknutane og austover til Ratevassknuten og Springknuten. Rant ned den slake nordaustskråninga til Hommadalen og gjekk vestover over Barbuvatnet og ned Sandvassdalen i preparert skiløype til Stavtjørna og så en drøy km gange opp til alpinanlegget. Det var lettskya ver, men 30-40 cm nysnø frå dagane før så det var en tung og tidkrevande tur.

Kart    

Austra Blåfjell, Stutaheia og Hunnefjell

Dato:
18.05.2008
Turtype:
Fjellskitur

Gjekk på ski frå Lortabu i Hunnedalen og fulgte kvista løype til Sandvatn turisthytte og et stykke over Sandvatnet og så umerka opp den nokså slake austsida til Austra Blåfjell. Stor varde på toppen. Etter en forholdsvis fin start på dagen var det om ettermiddagen mørke skyer med lokal nedbør i vest. Derfor var det ikkje særlig utsikt den veien, men god utsikt austover mot Sirdalsheiane. Rant ned igjen på sørsida og gjekk over Midtra Blåfjell og ned på Svartavatnet og opp på Stutaheia. Gjekk så austover mot Mohelleren og sørover til Grodalstjørn og så i sikksakk opp austsida på Søre Hunnefjell før eg rant ned igjen i Grodalen og så austover igjen langs rv 45 tilbake til Lortabu.

Kart