Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Sandfjellet og Brustinden

Dato:
10.10.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
7:30t
Kart    

Sprovstinden og Gjølbotntinden

Dato:
09.10.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
7:15t

Etter ei veke med fleire regnversdager var det i dag sol frå meste skyfri himmel, og med haustens fyrste melislag på toppane var dette ein vanvittig flott turdag. Lette ei stund etter ein fornuftig plass å parkere i litt avstand frå E39 mtp nattero sidan eg ville vera på Ørskogfjellet nokre dager. Det var nedsatt fart og vegvesenet hadde kontroll, men eg blei ikkje vinka inn. Så kom plutselig onkel blå i stor fart og kjørte forbi med blålys. Pusta letta ut då dei ikkje var ute etter meg, hehe. Vegen til skisenteret var stengt med bom nær E39, men eg fant ein brukande plass langs vegen til Måslia som er stengt med bom drøyt 100 m frå E39. Frå skisenteret gjekk eg opp langs alpintraseen og vidare austover i ura opp til Sandtinden og Sprovstinden. Traff ein mann som var på veg >>>

Vassdalstinden

Dato:
02.10.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:15t

Kjørte den sjølbetjente bomvegen frå Ørsta til Vallasætra. Herfrå fulgte eg skilta sti bratt opp Bukkedalen og så i ei austvendt renne opp til Vassdalstinden. Bok i ein gammal blikkboks på toppen. Vidare nord til Hetta er eggen for stygg og bratt så eg måtte eit stykke ned i austsida før eg traverserte langs fjellsida til sadelen og så greit opp til trigpuktet på 1125 som er luftig. Fulgte så eggen aust- og sørover et stykke før eg gjekk ned i Bukkedalen tilbake til Vallasætra. Ein periode med sol middagstid, men så for det meste overskya og nokre regnskvetter. Tok sjansen på å gå uten regnklede og det gjekk heldigvis greit.

Kart    

Saudehornet og nabotopper

Dato:
01.10.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
7:45t
Kart    

Dukhornet og Langhornet

Dato:
29.09.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
9:30t

Kjørte opp til Rognestøylen dagen før for turen til Kvasshornet og Storetinden og ville i dag ta turen til Dukhornet. Dukhornet bestiges lettast via sørryggen, men for meg var det via nord- eller vestsida som var aktuelt i dag. Bratte partier her og i boka "Fotturar på Sunnmøre" står det: "Den bratte klyvinga opp nordegga er ikkje like kjekk for alle". Då tenkte eg det måtte vera kjekk klyving for meg sidan det nå var gode forhold med turr vind og ei veke utan regn. Gjekk på tydelig sti opp til skaret mellom Rognestøyldalen og Bakkedalen på snaut 650 moh. Herfrå gjekk eg opp den bratte men lettgåtte vestvendte fjellsida til eg kom opp på nordegga drøyt 100 hm under toppen. Egga direkte såg ut til å bestå av mosegrodd stein som ikkje er det kjekkaste eg veit. Såg meg derimot ut >>>

Kart    

Kvasshornet og Storetinden

Dato:
28.09.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
10:15t

Kjørte den sjølbetjente bomvegen til Rognestøylen og fulgte stien forbi Rognestøylsvatna. Forlot stien etter myra og gjekk gjennom skogen opp til Inste Tverradalen. Her er det ein svak sti opp frå Rognestøylen. Eg ville ikkje gå den stien opp pga myra mellom Rognestøylsvatna. oppe i skaret på snaut 1100 moh gjekk eg opp sørvestryggen til Jolhornet og Kvasshornet. Et hakk oppe på eggen kunne greit omgås i vestsida. Returnerte via austsida til skaret igjen og gjekk over 1363-toppen til Storetinden som er ein meter lågare enn Kvasshornet. Så ned igjen til skaret og tilbake til Rognestøylen same veg som opp. Overnatta i bilen og gjekk på Dukhornet og Langhornet dagen etter.

Kart    

Dalegubben

Dato:
27.09.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
9:15t
Kart    

Snøhornet

Dato:
25.09.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:30t
Kart    

Veirahaldet og Blåtinden

Dato:
22.09.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
6:15t

Gjekk opp langs heistraseen og nordover forbi Storvatnet på vestsida og opp til Veirahaldet som har varde med bok. Vidare ned den bratte sørausteggen der eg måtte vera veldig forsiktig et stykke ned mot Kolbeinsskaret. Det er bratt sva med mose- og grasdekte hyller i mellom. Stor utglidningsfare her, men det hadde heldigvis torka litt opp etter alt regnet kvelden før. Nokon småhamre måtte også omgås i sjølve skaret. Så enkelt opp til Blåtinden som har varde med bok. Var bortom trigpunktet før eg gjekk sør- og sørvestover forbi Trollvatnet på austsida og sørover til Eitrefjellet og ned langs alpintraseen igjen. Tok eit bad i bekken ved skisenteret før eg reiste ned til Sæbø på Peakbooktreffet.

Kart    

Blæja, Tuva og Blæjeskartinden

Dato:
20.09.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
7:00t
Kart