Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Flatestøylåsen

Dato:
16.10.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
5:22t
Distanse:
9,8km

Fulgte skogsveg opp til Maurdalen, og så ut i terrenget opp til Løefjellheii. Ned i den bratte sørsida valgte eg litt feil, så skulle heller gått ned lenger aust. Vidare greit sørover til Skjeldalsheii. Vidare vestover mot Flatestøylåsen der eg kløyv opp austeggen. Ned igjen ei enklare litt meir nordvendt rute. Så forbi Løetjørn og kom inn på sti eg fulgte inn på skogsvegen igjen.

Kart    

Skogestøylheii og Stakkfitheii

Dato:
14.10.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
4:02t
Distanse:
9,2km

Gjekk ein runde til skogs over Skogestøylheii og Stakkfithei. Kom meg såpass seint avgårde at dagslyset forsvant på veg ned frå Skogestøylheii, så eg brukte lykt på turen over Stakkfitheii. For å komme inn på skogsvegen igjen måtte eg krysse Bjørgåni. Siden det var mørkt lette eg ikkje etter mulighet for å gå tørrskodd over, så eg vada barføtt over. Vatnet gjekk til midt på lårå på det djupaste så eg blei blaut på buksa så eg hadde bretta opp. Fulgte skogsvegen i måneskin opp igjen til utgangspunktet.

Kart    

Vikastakken og nabotopper

Dato:
03.10.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
9:52t
Distanse:
21,9km

Parkerte på austsida av Vikatunnelen og gjekk først opp på Syngknuten, og vidare langs vegen austover og oppom Ytre Dørvikneset. Så litt tilbake og fulgte merka sti opp til Vikastakken. Gjekk så vidare uten sti nordaustover til Skålene, Ormhaug, Ørnafjellet og Akslafjellet. Akslafjellet blei min siste pf 100 i nye Sandnes/ gamle Forsand. I skaret mellom Ørnafjellet og Akslafjellet fulgte eg traktorveg ned til Nedreidane. Denne vegen er ikkje innteikna på kartet. Gjekk så på Fossmorkvegen tilbake til utgangspunktet, men var oppom Indre Dørvikneset. Store svaberg med godt fotfeste gjorde det enkelt å ta denne toppen i mørke med lykt.

Kart    

Sauafjellet og Kvassnosfjellet

Dato:
02.10.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
3:43t
Distanse:
8,5km

Parkerte oppe på Skrøyla og sykla derfrå ned til Øvreidane. Gjekk så gjennom ei grind og over beite opp til Sauafjellet. Så litt tilbake og over Taraldsknuten til Kvassnosfjellet. Vidare austover forbi Holtatjørna og inn på vegen til Ytre Fossmork, og så på traktorveg nokså bratt opp til Skrøyla.

Kart    

Topptur frå Oltedal

Dato:
27.09.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
9:03t
Distanse:
19,3km

Fulgte først merka rute til Uburhedlaren. Så tilbake et stykke, og bratt oppover merka rute til Hågå. Gjekk derfrå vidare uten sti over Vølstadnutane, Hjelmalifjellet, Asbjørnnuten, Hatlenuten og Skeisfjellet. Så ned til Ravndal der eg på forhånd hadde lagt frå meg sykkel, og sykla derfrå tilbake til Oltedal. Kjølig nordavind denne dagen og måtte bruke hue og votter på deler av turen. Litt kontrast i fht det stille varme véret i Lyseheiane nokon dager tidligare.

Kart    

Skuta og Trollakyrkja

Dato:
06.09.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
9:29t
Distanse:
21,9km

Parkerte rett sør for Espeland der det er god plass i vegkanten. Gjekk over eit beite der det stod Ingen ferdsel dyr på beite. Eg "oversåg" det, men storfeet med kalver beita fredelig og brydde seg heldigvis ikkje om meg. Kunne nok omgått beitet med å gått igjennom garden lenger nord og kommet inn på traktorvegen ovanfor beitet. Fulgte vegen opp til Brekketjørn. Der var det rødmerka sti ut i terrenget. Visste ikkje kor denne stien førte hen, men den var grei å følge opp til utsiktsiktspunkt på vestkanten av Høgasætet. Vidare var det nokså lettgått i terrenget over Høgasætet og Midmåren og så nokså bratt opp vestsida til Skuta. Så bortom Langetona og vidare til Trollakyrkja. Det er sti mellom Fossbrekka og Trollakyrkja så er innteikna på nye kart, men eg syns >>>

Kart    

Hesten

Dato:
02.09.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
7:54t
Distanse:
16,6km
Kart    

Ragnhildsfjellet

Dato:
01.09.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
9:01t
Distanse:
12,4km
Kart    

Slåttafjellet

Dato:
31.08.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
4:49t
Distanse:
10,0km
Kart    

Sikvalandskula

Dato:
25.08.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
4:55t
Distanse:
11,9km

Kortaste rute til Sikvalandskula er frå Sikvalandsvegen aust- eller nordfrå, men eg tok ein lengre tur via Skårlandskula frå Snorestad. Fulgte merka sti til Skålandskula, men det er ikkje sti vidare derfrå til Sikvalandskula. Gjekk vidare i terrenget til Varden, Knuden og Hagafjell. Det var blaut etter mykje regn siste dager så gummistøvler var nødvendig for å kunne gå tørrskodd.