Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Vådlandsknuten

Dato:
31.01.2017
Turtype:
Trugetur
Turlengde:
7:30t

Flott solskinsdag etter at det kom 20-25 cm nysnø over 600 moh på sundag. Gjekk til fots langs Fossbekken og over Fisketjørnane og tok på trugene i austenden av Indra Fisketjørn. Det var fotspor i snøen langs stien oppover mot Vådlandsknuten. Oppe på drøyt 700 m kom eit par nedover mot meg og dei hadde nettopp vore oppe på Vådlandsknuten. For min del var eg glad eg hadde truger sjøl om det var ferdigtråkka spor. Etter ein kort pause på toppen gjekk eg ein ekstrarunde aust- og sørover over Langavatn og Vådlandsvatnet for ismålinger med øks. Siste del av turen tilbake i same spor som opp mens det var nymånesigd på kveldshimmelen.

Kart    

Ombotopper

Dato:
28.01.2012
Turtype:
Trugetur

Hadde egentlig tenkt meg på skitur i Lyngsheia, men tunge skyer i den retningen og kald austavind. Ombestemte med dermed og reiste til Hjelmeland og tok ferja over til Ombo. Gjekk frå Seltveit på truger i drøyt 20 cm laussnø. Stien var skjult av snøen, men kom meg greit opp i sørvestsida og ned på søraustsida. Så forbi Helgaland og opp til Svekoll. Det er eit antenneanlegg der og to mann holdt på med en reserveantenne. Dei var opptatt med å gjere arbeidet før det mørkna. Eg gjekk ned på vestsida til en veg mot Gunnstølvatnet. Her nede såg eg eit helikopter på Svekoll som sikkert henta dei der oppe. Frå Gunnstølvatnet gjekk eg opp på Rundsfjellet og ned til Seltveit.

Kart    

Laugarheia

Dato:
31.01.2009
Turtype:
Trugetur

Gjekk frå parkeringsplassen på sørsida av Ørsdalstunnellen på truger oppover Austdalen. Snøen var forholdsvis fast, men trugene var gode å ha. Ved vestenden av Laugarvatnet gjekk eg sørover opp den relativt bratte fjellsida som var litt isete men hadde feste med klørne under trugene. Gjekk over dei to 778-toppane før eg gjekk opp på høgaste toppen. Var seint ute og fekk dermed sjå en fin solnedgang ca kl 16.45. Gjekk ned igjen den slake skråninga nordaustover og gjekk så over Laugarvatnet og ned Austdalen mens en månesigd lyste på sørvesthimmelen. Fint ver med frost og litt søraust vind denne laurdagen.

Kart