Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Bjørndalshesten og Kvitanosi

Dato:
16.10.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
6:30t

Kjørte anleggsvegen frå Brekkhus opp til Volavatnet. Gjekk opp til demningen og lurte litt på kva vegvalg eg skulle ta. Det blei til at eg gjekk litt ned igjen og fulgte den blåmerka stien et stykke før eg dreide sørvestover for å ta med Bjørndalshesten. Så ned i skaret der stien går gjennom, men eg gjekk derfrå bratt oppover til Kvitanosberget. Så ned på nordsida over den islagte Kvitanostjørna og opp austryggen til Kvitanosi. Det låg litt nysnø oppå den gamle snøen over 1300 moh, men ingen nysnø i området ellers. Hadde lang pause på toppen og studerte utsikten med kikkert i det usedvanlig klare veret. Ifølge infosklit nede ved parkeringa skulle det ca 600 m nordvest for Kvitanosi ligge restar av eit tysk fly som styrta under krigen. Fant denne plassen ganske greit og >>>

Kart    

Litlaheia og Gråtoknuten

Dato:
09.09.2015
Turtype:
Fottur

Sykla frå parkeringsplassen nedover til Brådland, og gjekk på sti oppover til ca 1 km vest for Midtstølsvatnet. Så en tur oppom Tverrfjell og deretter opp den bratte sørsida til Litlaheia og så vestover til Gråtoknuten. Fortsatte vidare vestover over Brattelifjell og ned til trigpunktet på 514 m som er eit flott utsiktspunkt utover Frafjorddalen. Gjekk så ned nordover til p-plassen ved Månafossen.

Kart    

Ernstknuten

Dato:
08.09.2015
Turtype:
Fjelltur

Ein del skoddeskyer nedpå fjella denne føremiddagen som bekymra meg litt, men ifølge vermeldinga skulle det klarne opp. Gjekk oppover forbi Månafossen der eg traff fleire turister som såg Månafossen. Videre forbi fjellgarden Mån på stien mot Blåfjellenden. Nå klarna det heldigvis opp og ved 429-punktet vest for Fidjavatnet forlot eg stien og gjekk opp den lettgåtte ura i Høgstøldalen over Ørnaheia der Ernstknuten åpenbarte seg. Måtte så litt ned igjen før siste oppstigninga til Ernstknuten. Stor varde på toppen og til min overraskelse var det trigpunkt ved varden. Dette er dessverre ikkje avmerka på nokon kart eg har sett. Det er fleire omtrent jamnhøge toppunkt oppe på platået men der varden står er antakelig høgaste punkt. Visste at det skulle vere eit flyvrak på >>>

Kart    

Dyranuten

Dato:
24.01.2015
Turtype:
Fottur
Kart    

Nattetur på Lifjell

Dato:
29.10.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
11:00t
Kart    

Storgrovfjellet og Store Trolltind

Dato:
16.09.2014
Turtype:
Alpintur

Gjekk frå Stigrøra i knallflott haustver. Godt merka sti til Frokostplassen og eg fulgte stien til Stigbotnvatnet. Derfrå gjekk eg opp på Storgrovfjellet og så til Frokostplassen. Mindre merkert sti og bratt og laus ur vidare bortover mot Bruraskaret og Trolltindane. I den brattaste fjellsida er stien tydelig igjen og ser stadvis ut til å vere innhogd i fjellsida. Frå Bruraskret ser ein rett ned i den berykta Trollveggen som var populær for basehopping ein periode før hoppforbod blei innført i 1986 etter fleire ulukker/ redningsaksjoner. Vidare bortover var eg spent på å fine riktig renne opp til Store Trolltind. Det var uproblematisk for det var markert riktig renne og kom meg greit til topps. Sat på toppen ei stund og beundra utsikten før eg gjekk ned igjen og tilbake et stykke >>>

Kart    

Gråhei og nabotopper

Dato:
12.07.2013
Turtype:
Fottur

Parkerte ved nordenden av Lølandsvatnet, og gjekk på grusveg vidare nordvestover. Så på merka sti opp rundt sør- og austsida av Ljosevatn og vidare nordvestover til Gråhei. Stor flott varde og bra utsikt frå toppen. Retur gjennom meir eller mindre krevande skogsterreng via Klovedalsfjellan, Lølandsheia og Helledalsknuten. Så ned til vestsida av Lølandsvatnet og via fv 466 tilbake til Løland.

Kart    

Ramnafjellet og Rusta

Dato:
06.07.2013
Turtype:
Fottur

Kjørte av E39 ved toppen av Saglandsbakken mot Åsen. Gjekk på sti til Ramnafjellet. Etter ein pause på toppen gjekk eg vidare uten sti over beitemarker og stedvis tungt terreng med plagsom vegetasjon søraustover til Tuv, Kolleknuten og Stapsåsen. Vidare vestover til Snåra, Kjøllefjellet og Rusta. Så ned nordover tilbake til utgangspunktet på Åsen.

Kart    

Ørnatuva og Lundafjellet

Dato:
20.06.2013
Turtype:
Fottur

Gjekk frå Vinningland. Fulgte sti opp til Storeknuten, og så på Fløyfjell og Ørnatuva som er tvillingtopper med Fløyfjell som høgast med 252 m. Så ned mot Saglandsvatnet, og litt sørover langs E39 og over Såtenipen som ligger mellom E39 og Saglandsvatnet. Deretter til Lundafjellet, Sauafjellet, Tofjellet og Ommundsknuten og ned til Søre Tengesdal. Gjekk det aller meste av turen uten sti over beitemarker og stedvis tungt terreng, men siste del av turen på vegen nordover til Vinningland.

Kart    

Skardknuten og Gjuvheia

Dato:
20.04.2013
Turtype:
Fottur
Kart