Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (13)
- Trugetur (13)
- Fottur (519)
-
Skitur (130)
- Fjellskitur (128)
- Langrennstur (2)
-
Sykkeltur (5)
- Blandet sykling (5)
Arkiv - Etter geografi
"Peakbookvenner"
Lister jeg samler etter
- Hjelmeland ≥ 100m pf.
- Rogaland ≥ 250m pf.
- 2000m 100m pf. fastlandet.
- 2000m 50m pf. fastlandet
- 2000m 30m pf. fastlandet
- Jørpelandsheia ≥ 50m pf
- 2000m 20m pf. fastlandet
- Rogaland ≥ 100m pf.
- Hordaland ≥ 500m pf.
- Strand 50m pf
- 2000m 10m pf. fastlandet
- Preikestolen Nasjonalpark ≥ 50m pf
- ROGALAND SJUMILSTØVELEN
- Suldal ≥ 100m pf.
- Topp 1000 i Rogaland
- Gjesdal 50m pf
- Sandnes 50 m pf
- Kommunetopper Vest-Norge
- Sirdal ≥ 100m pf.
- Lom ≥ 100m pf.
Favorittopper
Storgrovfjellet og Store Trolltind
- Dato:
- 16.09.2014
- Turtype:
- Alpintur
Gjekk frå Stigrøra i knallflott haustver. Godt merka sti til Frokostplassen og eg fulgte stien til Stigbotnvatnet. Derfrå gjekk eg opp på Storgrovfjellet og så til Frokostplassen. Mindre merkert sti og bratt og laus ur vidare bortover mot Bruraskaret og Trolltindane. I den brattaste fjellsida er stien tydelig igjen og ser stadvis ut til å vere innhogd i fjellsida.
Frå Bruraskret ser ein rett ned i den berykta Trollveggen som var populær for basehopping ein periode før hoppforbod blei innført i 1986 etter fleire ulukker/ redningsaksjoner. Vidare bortover var eg spent på å fine riktig renne opp til Store Trolltind. Det var uproblematisk for det var markert riktig renne og kom meg greit til topps.
Sat på toppen ei stund og beundra utsikten før eg gjekk ned igjen og tilbake et stykke >>>
Gråhei og nabotopper
- Dato:
- 12.07.2013
- Turtype:
- Fottur
Parkerte ved nordenden av Lølandsvatnet, og gjekk på grusveg vidare nordvestover. Så på merka sti opp rundt sør- og austsida av Ljosevatn og vidare nordvestover til Gråhei. Stor flott varde og bra utsikt frå toppen. Retur gjennom meir eller mindre krevande skogsterreng via Klovedalsfjellan, Lølandsheia og Helledalsknuten. Så ned til vestsida av Lølandsvatnet og via fv 466 tilbake til Løland.
Ramnafjellet og Rusta
- Dato:
- 06.07.2013
- Turtype:
- Fottur
Kjørte av E39 ved toppen av Saglandsbakken mot Åsen. Gjekk på sti til Ramnafjellet. Etter ein pause på toppen gjekk eg vidare uten sti over beitemarker og stedvis tungt terreng med plagsom vegetasjon søraustover til Tuv, Kolleknuten og Stapsåsen. Vidare vestover til Snåra, Kjøllefjellet og Rusta. Så ned nordover tilbake til utgangspunktet på Åsen.
Ørnatuva og Lundafjellet
- Dato:
- 20.06.2013
- Turtype:
- Fottur
Gjekk frå Vinningland. Fulgte sti opp til Storeknuten, og så på Fløyfjell og Ørnatuva som er tvillingtopper med Fløyfjell som høgast med 252 m. Så ned mot Saglandsvatnet, og litt sørover langs E39 og over Såtenipen som ligger mellom E39 og Saglandsvatnet. Deretter til Lundafjellet, Sauafjellet, Tofjellet og Ommundsknuten og ned til Søre Tengesdal. Gjekk det aller meste av turen uten sti over beitemarker og stedvis tungt terreng, men siste del av turen på vegen nordover til Vinningland.
Liaknuten
- Dato:
- 04.04.2013
- Turtype:
- Fottur
Begynte turen ca kl 10 og sykla over det islagte Liarvatnet, og gjekk fottur på skaresnøen over toppane Hamrane, Knausane, Liaknuten og Svartavassknuten. Retur over Langavatnet, Vardhustjørna og Furenesvatnet. Til slutt sykkeltur tilbake over Liarvatnet.
Tindafjellet og Skurvenuten
- Dato:
- 22.02.2013
- Turtype:
- Fottur
Sykla over det islagte Langavatnet frå nord- til sørenden og gjekk opp til Tindafjellet. Det vanligste utgangspunktet er nok via Kringlelia frå Kyllingstad. Etterpå var eg oppom Haugåsen og Skurvenuten i månelys kveld.
Måkafjellet og Vårlivarden
- Dato:
- 20.02.2013
- Turtype:
- Fottur
Frå vegen mellom Storauglend og Bratthetland gjekk eg først til Langalifjellet, Middagsknutane og Måkafjellet. Det er ikkje merka sti opp på dei toppane. Ned frå Måkafjellet gjekk eg via parkeringsplassen på Myrland og fulgte merka sti opp nordryggen og ned søryggen. Etterpå gjekk opp på Frafjell og Kyllesfjellet som ligger aust for Bratthetlandstjørna.
Gråtoknuten og Litlaheia
- Dato:
- 23.01.2013
- Turtype:
- Fottur
Lite snø etter mildveret nyttårstider, den snøen som var igjen var hardfrosen. Gjekk frå parkeringsplassen nedanfor Månafossen i 14-tida på stien forbi fossen. Stedvis en del is på stien og eg gjekk så videre opp i terrenget sørover opp til vestsida av Brattelifjell. Så videre austover opp til Gråtoknuten og ned den litt bratte austsida og opp til Litlaheia. Gjekk så ned over Månemyra nord for Gråtoknuten. Fin utsikt over fjellgarden Mån på kanten der. Gjekk på skrå nedover det veldig bratte terrenget nord for Brattelifjell og kom inn på stien til Mån som eg fulgte ned til parkeringsplassen.
Sprangafjellet og Grøneknuten
- Dato:
- 19.01.2013
- Turtype:
- Fottur
Starta frå parkeringsplassen nord for Stavtjørna i 12-tida, og gjekk nordover forbi eit hytteområde og så opp nordvestover til Sprangafjellet. Gjekk så nordover til litle Grøneknuten som har fleire omtrent like høge topper som Sprangafjellet. Vidare ned vestover til Grøneknuten. Deretter ned sørover til 725-toppen sør for Furelivotna og så ut til Hykjeknuten som er et flott utsiktspunkt over Austrumdalsvatnet. Gjekk så over isen på Furelivotna og Kvernavatnet og oppom Kvednaknuten og så austover via Åkroken og ned til Stavtjørn. Sola hadde nå forlengst gått ned, men halvmånen lyste opp kveldshimmelen. Det var lite snø igjen etter mildveret første veka i januar, men klarver og frost nå så snøfennene var faste å gå på.