Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (13)
- Trugetur (13)
- Fottur (525)
-
Skitur (130)
- Fjellskitur (128)
- Langrennstur (2)
-
Sykkeltur (5)
- Blandet sykling (5)
Arkiv - Etter geografi
"Peakbookvenner"
Lister jeg samler etter
- Hjelmeland ≥ 100m pf.
- Rogaland ≥ 250m pf.
- 2000m 100m pf. fastlandet.
- 2000m 50m pf. fastlandet
- 2000m 30m pf. fastlandet
- Jørpelandsheia ≥ 50m pf
- 2000m 20m pf. fastlandet
- Rogaland ≥ 100m pf.
- Hordaland ≥ 500m pf.
- Strand 50m pf
- 2000m 10m pf. fastlandet
- Preikestolen Nasjonalpark ≥ 50m pf
- ROGALAND SJUMILSTØVELEN
- Gjesdal 50m pf
- Suldal ≥ 100m pf.
- Topp 1000 i Rogaland
- Sandnes 50 m pf
- Kommunetopper Vest-Norge
- Sirdal ≥ 100m pf.
- Lom ≥ 100m pf.
Favorittopper
Rundtur over Sula
- Dato:
- 24.10.2016
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 9:30t
Kjørte Blomlivegen (40 kr) kvelden før opp til Svinvikstra som er eit godt utgangspunkt for tur over dei karakteristiske Sulatoppane som er synlige frå store deler av Trollheimen og Nordmøre. Det var god sti opp til Ytre Sula og et par damer var og på tur denne måndagen. Oppe på 1100 moh flater det litt ut og der skar eg ut av stien sørover for å få med meg ein smultring sør for Sula. Derfrå gjekk eg opp sørryggen til Ytre Sula.
Etter ein liten times pause gjekk eg vidare austover til Indre Sula som er 7 m høgare enn Ytre Sula. Den virker adskillig mindre besøkt, men er då heller ikkje like lett tilgjengelig som Ytre Sula. Dei nevnte damene såg eg heller ikkje meir til, men dei hadde skreve seg inn i boka på Ytre Sula.
Hadde planer om nokre ekstra bonustopper denne dagen så >>>
Bergefjellet og Arasvikfjellet
- Dato:
- 23.10.2016
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 4:30t
Her var Boven's turbeskrivelse god å ha. Rekna med å ende opp på Arasvikfjellet fyrst, men stien gjekk via Svarttjønna til Bergefjellet. Varde og bok der. Så gjekk eg ned igjen til Svarttjønna og opp utan sti til Arasvikfjellet som og har varde og bok. Ned igjen fant eg ein svak sti sørover, og den kom inn på stien mot Bergefjellet nede i skogen. Dette stidele såg eg ikkje på veg opp.
Vel nede i Vågosen tok eg ferja over til fastlandet og reiste sørover forbi Surnadal til Svinviksetra for å ta Rundtur over Sula dagen etter.
Korsbekkfjellet og Ertvågsfjellet
- Dato:
- 22.10.2016
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 5:00t
Tovdalsberga og Rindhatten
- Dato:
- 14.10.2016
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 8:00t
Sykla dei snaut 5 km frå Kleva til Jøldalshytta. Den betjente sesongen er til midten av sept, mens det er sjølbetjent avdeling utanom sesongen. Frå hytta fulgte eg sti drøyt 3 km nordover skilta til Resvatnet. På ca 860 moh forlot eg stien og gjekk oppom Tovdalsberga og vidare vestover over den frosne myra sør for Storrindvatnet og kryssa den grunne Gaskejohke. Så opp Bjørnaråa og nordaustryggen til Rindhatten. Sol frå nær skyfri himmel for 12. dag på rad! Hadde pause til sola gjekk ned og månen kom opp. Då gjekk eg ned i austsida sør for Dukfonna som det ikkje er så mykje igjen av lenger. Frå Storrindvatnet er det 180 hm opp igjen, men det var veldig greit å gå opp Åkerdalen som har sparsom vegetasjon. Det var kvelden før fullmåne og perihel (supermåne) så det vart >>>