Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Topptur på Høgjæren

Dato:
28.08.2022
Turtype:
Fottur
Turlengde:
5:37t
Distanse:
19,2km

Gjekk frå p-plassen i Synespasset på vekselvis traktorveg, sti og terreng til Karten. Tok ein tullete "snarveg" mot Bruaberget og såg etter en veg eg ikkje fant. Kom inn på god sti i sørenden av Kartavatnet så eg fulgte over Bruaberget til Brusaknuten. Så vidare sørover til Eikelandsknuten og et par namnlause topper lenger sør. Såg ikkje stier til desse toppane, men det er gjerdeklyver på Eikelandsknuten. Sørsida av Eikelandsknuten er svært bratt og vil ikkje anbefale mi rute der. Frå demningen i nordenden av Hagavatnet, som er drikkevasskjelde, kom eg inn på veg som er stengt med bom, og så vidare på hovedvegen tilbake til utgangspunktet. Dei som samler kommunetopper finner bedre rapporter enn denne.

Kart    

Bynuten og Selvigstakken

Dato:
23.08.2022
Turtype:
Fottur
Turlengde:
8:47t
Distanse:
19,6km

Fulgte normalveien opp til Bynuten som er godt merka. 5,7 km en vei, og brukte drøyt 1,5 t opp. Det er merka rute mellom Bynuten og Selvigstakken som eg fulgte ned til austenden av Rasmustjørna. Der var det stidele med skiltpiler i to retninger. Gjekk mot høyre, men etter ca 10 m forsvant stien i graset. Fortsatte stilaust opp den bratte sørsida av Serifjellet. Den merka ruta mellom Bynuten og Selvigstakken går rundt vestenden av Rasmustjørna. Frå Selvigstakken gjekk eg ned nordryggen via Foreknuten og vidare bratt ned i skogsterreng og opp til Gulafjellet. Åt en del blåbær i dette området. Fant en merka sti med slitt rødmaling som eg fulgte ned fra Gulafjellet. Etter kvert forsvant merkinga, men fulgte dyretråkk til eg kom inn på den gamle anleggsvegen tilbake til Myrlandsheia.

Kart    

Høghei og Trollarinda

Dato:
30.07.2022
Turtype:
Fottur
Turlengde:
11:35t
Distanse:
23,8km

Tilrettelagt turparkering ved nordenden av Hovsvatnet. Merka tursti derfrå mot Høghei så eg fulgte opp til drøyt 300 moh. Der er det stidele og merka sti mot høyre til Høghei, men eg fortsatte på en delvis gjengrodd skogsveg mot venstre opp til ca 400 moh. Gjekk så ut i terrenget vestover til Nonåsen og sørover til Høghei. Så delvis på sti til Skogbergfjellet. Vidare uten sti til Akniben. Dette er tydeligvis en populær trimtopp med god sti ned sørryggen til sørenden av Mjåvatnet. Gjekk så ut i terrenget over Skoddfjella. Så et stykke på skogsveger, og ut i terrenget igjen til Stronnefjellet, Husheia, Jenta, Trollarinda og Marsteinsfjellet og ned til skogsvegen eg brukte på veg opp før middag. Stedvis en del blåbær og litt molter så eg forsynte meg av i løpet av turen.

Kart    

Krokvassheia og Drengen

Dato:
29.07.2022
Turtype:
Fottur
Turlengde:
9:42t
Distanse:
23,5km

Parkerte ved skogholt utenfor porten til jordstasjonen. Gjekk vidare vestover på grusveg et stykke. Gjekk t.v. i vegkryss og oppover et hogsfelt og vidare i terrenget opp til Skogefjell. Vidare nord- og vestover til Krokvassheia som har varde med besøksbok. Det er merka sti opp her frå vegen rett nedanfor jordstasjonen, og opp via aust- og nordsida av Krokvassheia. Tok så ein runde sørover til Heståsen, Brendebakkane, Drengen og Småtødnan. Ned nordover gjennom bratt skog og stygge skrenter. Kom etter kvert inn på skogsveg som eg fulgte ned.

Kart    

Jokulen og Grønhaug

Dato:
28.07.2022
Turtype:
Fottur
Turlengde:
9:15t
Distanse:
24,7km

Vegen inn Steinbergsdalen var åpen. Det stod skilt om at den kunne stenges uten varsel, og info om at det var mulig å leie nøkkel. Tok sjansen på å kjøre, og ved enden av vegen var det p-plass med en del biler. Gjekk på sti forbi steinbergstølen og vidare langs vestsida av Viglandsvatnet. Så vestover uten sti over Pråmtjørnknuten, Hestefjell og Jokulen. Vidare sørover til Grønhaug, Spøtliknuten, Almljotheia, Rusknuten og Torkelsfjellet ned til Steinbergsdalen. Gjekk til slutt ca 4 km på grusvegen tilbake til utgangspunktet.

Kart    

Stora Heia

Dato:
27.07.2022
Turtype:
Fottur
Turlengde:
7:45t
Distanse:
20,0km

Tok sjansen på å kjøre frå Handeland langs Hovsvatnet på motsatt side av E39. Det var skilta som blindveg, og kom etter kvert til ei låst grind. Måtte derfor et stykke tilbake og parkerte mellom to kjelver. Gjekk på traktorveg opp til Litla Hovsvatnet på 380 moh. Så til venstre ut i terrenget med rundtur over Helgesteknuden, Stora Heia, Rygla, Stora Heia nord, Hovsmoheia og Hovsheia. Krevande tur stort sett uten sti i høg vegetasjon. Kom ned på traktorvegen igjen i sørenden av Litla Hovsvatnet og fulgte den tilbake til utgangspunktet.

Kart    

Topptur frå Brekko

Dato:
20.06.2022
Turtype:
Fottur
Turlengde:
10:00t

Først tur opp til Gloppenuten via grusveg og tydelig sti opp til Gloppenuten. Turen er ca 5 km kvar veg, og går via Storavatnet og opp på ryggen på Gloppenuten austfrå. Det er to topper oppe på ryggen som ser tilsynelatande like høge ut, men ifølge detaljkart er den austre toppen 5-6 m høgare enn utsiktstoppen på Gloppenuten. Ned igjen same veg. Totalt 5t inkl lange pauser. Tok deretter ein meir krevande terrengtur over skogstoppane vest for Brekko. Tok av lysløypa ved vestenden av Litla Foretjørna og fulgte ein skogsveg litt nordover og så på sti merka "rød løype" litt ut i terrenget, men denne løypa er ingen toppturløype så måtte gå vidare stilaust opp til Haslefjellet. Først på utsiktstoppen med trigpunkt, og så på høgaste toppen lenger nordvest. Fulgte >>>

Kart    

Ullandhaugtårnet

Dato:
14.05.2022
Turtype:
Spasertur
Turlengde:
1:00t
Kart    

Vådlandsknuten

Dato:
26.04.2022
Turtype:
Fottur
Kart    

Vådlandsknuten

Dato:
07.04.2022
Turtype:
Fottur
Kart