Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Topper rundt Seilvassdalen

Dato:
13.04.2019
Turtype:
Fottur
Turlengde:
9:30t

Dette er ein uvanlig turvariant og for spesielt interesserte. Desse toppane er normalt lettast tilgjengelig frå Øvstabø eller Hunnedalen. Då eg var på Myrfjell og Storbakknuten tre dager tidligare fant eg ut at isforholda egna seg veldig godt for sykkeltur. Isen var rundt 25 cm, men i begynnande vårløysning. Leide sykkelen opp den asfalterte anleggsvegen til demningen i vestenden av Myrtjørna. Sykla så over isen på Myrtjørna og Stora Myrvatnet. Måtte leie sykkelen et stykke mellom dei to vatna sdan det var nedtappa etter vinteren. Totalt ca 6 km kvar veg over isen, og sykla i land i austenden ved Myrvik og gjekk opp austover til Bergan og ein rundtur over fleire namnlause topper i grensetraktene mellom Gjesdal og Sirdal rundt Seildalane eller Seilvassdalen som det står på nye kart. ØK plasserer Seilvassdalen >>>

Kart    

Bjødnaknuten

Dato:
12.04.2019
Turtype:
Fottur
Kart    

Myrfjell og Storbakknuten

Dato:
10.04.2019
Turtype:
Fottur

Parkerte ved kraftstasjonen. Hadde med sykkel som eg leide opp den asfalterte anleggsvegen opp til til Myrtjørna. Kun nokre få snøfenner over vegen lengst oppe etter ein nokså snøfattig vinter. Sykla over den islagte Myrtjørna og gjekk opp til Reiarsskaret på stort sett fast skaresnø. Hard bratt snøfonn øverst i skaret, men kom meg greit opp uten stegjern. Isøks var likevel god å ha. Gjekk over Krokavatnet, og så opp sørsida til Myrfjell. Retur same veg, men var oppom Storbakknuten før eg gjekk ned igjen via Reiarsskaret. Sykla så tilbake over Myrtjørna og anleggsvegen ned til Maudal.

Kart    

Vallresknuten

Dato:
02.04.2019
Turtype:
Fottur
Kart    

Dyranuten

Dato:
11.03.2019
Turtype:
Fottur
Kart    

Vådlandsknuten

Dato:
04.03.2019
Turtype:
Fottur
Kart    

Storvarden

Dato:
02.03.2019
Turtype:
Fottur
Kart    

Stutaryggen og Høyversknuten

Dato:
01.03.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
10:15t

Fulgte T-merka rute mot Trodla-Tysdal. Det er grusveg av litt ymse standard dei første 2 km så eg sykla på. Vidare på tydelig sti opp gjennom skogen til toppen av skaret mellom Kløv og Helgaland. Litt ned på sørsida er det stidele og eg fulgte umerka men god sti austover mot Djupadal. Frå brua over ånå gjekk eg opp den nordvendte fjellsida til det store platået på Himraheia. Lite snø etter ein uvanlig varm februar, men frost siste døgn så snøen var fast og fin å gå på til fots. Gjekk austover Stutaryggen til toppen på ca 862 m. Kartet har oppført høyde på 856 m på trigpunkt. Sjølve toppen ligger snaut 100 m lenger vest og har 860-kote på kartet. Detaljkart oppgjer namnet Nordstjerneknuten, men har ingen oppgitt høyde. Anslår toppen til å vere minst 6 m høgare enn >>>

Kart    

Iglandsklubbafjellet

Dato:
28.02.2019
Turtype:
Fottur

Gjekk over Litla Sandvatnet og opp den bratte austryggen ved Klubben. Dette er ikkje enklaste rute opp for det er litt klyving i bratt svaberg. Lite snø igjen etter ein uvanlig varm februar, men litt frost i nått så det var gode fotturforhold på fast snø. Gjekk ned nordover og ut på vestre del av Lyngsvatnet og i land i ved damningen i vestenden. Midtre del har ikkje islagt seg heilt i vinter slik det pleier. Vegen opp til demningen var snøfri bortsett frå ein plass nedanfor messa. Stor kontrast til fjoråret då Songesandvegen var stengt i februar pga mykje snø.

Kart    

Frafjordhatten

Dato:
11.02.2019
Turtype:
Fottur
Kart