Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Vårskitur i indre Forsand

Dato:
26.04.2014
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
12:00t

Sykla på anleggsvegen frå Ådneram til Duge kraftverk nedanfor svartevassdammen. Vegen blei brøyta opp i slutten av mars pga utbetringsarbeid på demningen. Gjekk på ski over Grauthellervatnet forbi turisthytta og vest- og nordover over sørvestre del av Svartevatnmagasinet. Så vestover til Klumpen og nordvest til den namnlause 1174-toppen. Så austover via Tverråflærne til Svåhellerheia og Loneknuten. Rant så ned sørover ut på Svartevatnet til demningen og ned til Duge. Ca 1t å sykle kvar veg og 10t skitur i fint men disig og varmt ver.

Kart    

Strandvassknuten og Gjuvheia

Dato:
15.04.2014
Turtype:
Fjellskitur

Skitur over Litla Sandvatnet opp til skaret mellom Iglandsklubbafjellet og Molteheia ned til Lyngsvatnet. Veldig bratt ned til vatnet på denne sida, men går greit via tjern 731 så lenge det ikkje er rasfare. Vidare over austre del av Lyngsvatnet til Storaneset, og sørover opp til Bjørkelifjellet og austover til Strandvassknuten. Så vestover igjen og ned i Dyrskarddalen og opp til Gjuvheia. Rant så ned nordover ut på Lyngsvatnet igjen, og vidare vestover opp via tjern 731 tilbake til Litla Sandvatnet.

Kart    

Tveitakollen og Vardekollen

Dato:
04.04.2014
Kart    

Siriknuten, Venelifjell og Falkekollen

Dato:
03.04.2014
Turtype:
Fjellskitur

Parkerte langs Rv 42 ved Espetveit. Bar med ski og gjekk langs Nespervatnet opp til Kulivatnet der eg kunne ta på ski. Godt skiføre over 600 moh, og gjekk over Roneknuten, Nordheia, Siriknuten, Eldsteinen, Venelifjell og Falkekollen. Rant så ned til Kulivatn igjen og gjekk tilbake til Espetveit.

Kart    

Høgknuten og Bringeknuten

Dato:
31.03.2014
Turtype:
Fjellskitur

Gjekk frå Maudal kraftverk i 10-tida oppover på anleggsvegen mot Stora Myrvatnet. Forlot vegen i den første hårnålssvingen på snaut 500 moh. Derfrå går det ein sti mot Brudle og Jensastølen som eg fulgte. Tok på ski då eg kom på samanhengande snø over 600 moh. Kryssa Jensavatnet og gjekk opp til Flassevannsbergene og vidare austover til topp 845 og Leitesknuten. Så sørover til Høgknuten og sørvestover til Bringeknuten. Vidare nordover til Jensavatnet igjen og tilbake same vegen ned til Maudal. Mykje snø etter ein snørik vinter og gode føreforhold på vårsnø.

Kart    

Hest og Holmaheia

Dato:
29.03.2014
Kart    

Grubba og Bergheii

Dato:
25.03.2014
Turtype:
Fjellskitur

Skitur frå høgfjellshotellet på Fidjeland. Gjekk i oppkjørt løype eit stykke opp Jogledalen og så opp i nordsida til Grubba. Var og bortom sørtoppen som har stor forseggjort varde og så videre austover til Såta og til Bergheii. Herfra rant eg ned på Svartavatnet og så ned til Jogledalen. Var ingen spor øverst i dalen. Kom inn på den oppkjørte løypa ved ei meste nedsnødd hytte ved Steinbutjødna. Rant så ned igjen til Fidjeland. Fint ver, men tungt skiføre pga 30 cm nysnø men stedvis avblåst, hardt og isete over 1000 moh.

Kart    

Molteheia og Rasmusskardheia

Dato:
24.03.2014

Skitur frå Litla Sandvatnet. Det kom ca 27 cm tørr nysnø i dette området i helga. Litt tungt føre men gjekk stedvis i skuterspor. Var først på Molteheia og så på Filleheia og ned over Hefteholstørna og opp på Rasmusskardheia og ned på Litla Sandvatnet igjen. Strålande sol heile dagen og austleg frisk bris etter middag.

Kart    

Mellom Sedan og Lindeknuden

Dato:
15.03.2014
Kart    

Knabekniben og Fossefjell

Dato:
14.03.2014
Kart