Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Topptur på Høgjæren

Dato:
28.08.2022
Turtype:
Fottur
Turlengde:
5:37t
Distanse:
19,2km

Gjekk frå p-plassen i Synespasset på vekselvis traktorveg, sti og terreng til Karten. Tok ein tullete "snarveg" mot Bruaberget og såg etter en veg eg ikkje fant. Kom inn på god sti i sørenden av Kartavatnet så eg fulgte over Bruaberget til Brusaknuten. Så vidare sørover til Eikelandsknuten og et par namnlause topper lenger sør. Såg ikkje stier til desse toppane, men det er gjerdeklyver på Eikelandsknuten. Sørsida av Eikelandsknuten er svært bratt og vil ikkje anbefale mi rute der. Frå demningen i nordenden av Hagavatnet, som er drikkevasskjelde, kom eg inn på veg som er stengt med bom, og så vidare på hovedvegen tilbake til utgangspunktet. Dei som samler kommunetopper finner bedre rapporter enn denne.

Kart    

Bynuten og Selvigstakken

Dato:
23.08.2022
Turtype:
Fottur
Turlengde:
8:47t
Distanse:
19,6km

Fulgte normalveien opp til Bynuten som er godt merka. 5,7 km en vei, og brukte drøyt 1,5 t opp. Det er merka rute mellom Bynuten og Selvigstakken som eg fulgte ned til austenden av Rasmustjørna. Der var det stidele med skiltpiler i to retninger. Gjekk mot høyre, men etter ca 10 m forsvant stien i graset. Fortsatte stilaust opp den bratte sørsida av Serifjellet. Den merka ruta mellom Bynuten og Selvigstakken går rundt vestenden av Rasmustjørna. Frå Selvigstakken gjekk eg ned nordryggen via Foreknuten og vidare bratt ned i skogsterreng og opp til Gulafjellet. Åt en del blåbær i dette området. Fant en merka sti med slitt rødmaling som eg fulgte ned fra Gulafjellet. Etter kvert forsvant merkinga, men fulgte dyretråkk til eg kom inn på den gamle anleggsvegen tilbake til Myrlandsheia.

Kart