Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Storehaugfjellet og Lingesetfjellet

Dato:
22.09.2015
Kart    

Fivlenosi og nabotopper

Dato:
21.09.2015
Kart    

Liabrekulen

Dato:
20.09.2015

På PB-treffet på Leirvassbu snakka eg om å gå på Semeltinden/ -kødden denne dagen men etter ein lang frukost ombestemte eg meg og reiste heller til Sognefjellet for å gå på Liabrekulen og nokon andre mindre topper som eg tok med i same slengen. Et par km vest for Sognefjellhytta går ein snaut 5 km lang grusveg nordover ned til Storvatnet. På kartet vises det bom på denne vegen, men det var heldigvis ingen bom så det var greit å kjøre heilt til demningen i sørenden av Storvatnet. Etter først å ha teke Dyrhaugen gjekk eg over Kjerringhetta og videre nordvestover på austsida av Moldskrevatnet og så oppover til Liabrekulen. Det låg dessverre skyer nedpå dei fleste toppane i Jotunheimen, men ellers var det ganske bra utsikt. På veg ned gjekk eg over breen og snøfelta så >>>

Kart    

Surtningstinden og Stetinden

Dato:
19.09.2015
Kart    

Olavsbunuten

Dato:
18.09.2015
Kart    

Litlaheia og Gråtoknuten

Dato:
09.09.2015
Turtype:
Fottur

Sykla frå parkeringsplassen nedover til Brådland, og gjekk på sti oppover til ca 1 km vest for Midtstølsvatnet. Så en tur oppom Tverrfjell og deretter opp den bratte sørsida til Litlaheia og så vestover til Gråtoknuten. Fortsatte vidare vestover over Brattelifjell og ned til trigpunktet på 514 m som er eit flott utsiktspunkt utover Frafjorddalen. Gjekk så ned nordover til p-plassen ved Månafossen.

Kart    

Ernstknuten

Dato:
08.09.2015
Turtype:
Fjelltur

Ein del skoddeskyer nedpå fjella denne føremiddagen som bekymra meg litt, men ifølge vermeldinga skulle det klarne opp. Gjekk oppover forbi Månafossen der eg traff fleire turister som såg Månafossen. Videre forbi fjellgarden Mån på stien mot Blåfjellenden. Nå klarna det heldigvis opp og ved 429-punktet vest for Fidjavatnet forlot eg stien og gjekk opp den lettgåtte ura i Høgstøldalen over Ørnaheia der Ernstknuten åpenbarte seg. Måtte så litt ned igjen før siste oppstigninga til Ernstknuten. Stor varde på toppen og til min overraskelse var det trigpunkt ved varden. Dette er dessverre ikkje avmerka på nokon kart eg har sett. Det er fleire omtrent jamnhøge toppunkt oppe på platået men der varden står er antakelig høgaste punkt. Visste at det skulle vere eit flyvrak på >>>

Kart    

Inste og Søre Tinden

Dato:
21.08.2015

Gjekk fra FV 520 til Nedra Sandvatnet. Ennå mykje snø igjen etter den uvanlig snørike vinteren. Vegen var ikkje brøyta og det var mange fenner der eg brukte ski. Så over demningen og derfrå meste samanhengande skiføre til Tindane. Var fyrst på Inste Tinden og så på Søre Tinden og rant så ned over den islagte Kvelvatjørna og ned til sørenden av Nedra Sandvatnet igjen.

Kart    

Svartenuten og Lonanuten

Dato:
20.08.2015

Frå Rv 13 ved Nesflaten kjørte eg på god anleggsveg opp til vestenden av Vasstølsvatnet på 750 moh. Gjekk derfrå nordvestover i relativt lettgått terreng over dei to Benkjanuttoppane og så via Svartenutstølen til Svartenuten. Litt inneklemt topp med høgare fjellmassiv både i aust og vest, men flott utsikt både sør- og nordover. Vidare nordover kunne eg skli på snøfenner ned til Kvanngrødalen. Så opp til Lonanuten som har stort topplatå og ikkje nokon særlig markert topp. Gjekk ut på Kanten vest for trigpunktet der ein kan sjå ned i Brattlandsdalen 700 m lenger nede. På returen gjekk eg om Suldalsskaret tilbake til Vasstølvatnet. Det var ein varm og fin seinsommerdag.

Kart    

Snøvassnuten

Dato:
19.08.2015
Kart