Vallresknuten (19.04.2022)


Startsted Giljastølen (435moh)
Sluttsted Giljastølen (435moh)
Turtype Fjellskitur
Kart
Bestigninger Vallresknuten (884moh) 19.04.2022

3. påskedag og nær folketomt på Giljastølen. Sikkert siste dag med samanhengande skiføre frå botn av trekket. Mange skispor oppover etter ein av dei betre snøpåsker til 2000-talet å vere. La turen via Måkavatnet og Kalledalsvatnet og opp på Vallresknuten sørfrå. Mange hadde skrevet seg inn i vardeboka i påsken. Retur strakaste vegen via Måkavatnet ned til Giljastølen. Varmt ver og mjuk snø, men begynnande skorpe i skyggesidene om kvelden.

Såvidt samanhengande snøfelt i alpintraseen.
Såvidt samanhengande snøfelt i alpintraseen.
Kalledalsvatnet 700. Vinjakula 907 i bakgrunnen lengst t.h.
Kalledalsvatnet 700. Vinjakula 907 i bakgrunnen lengst t.h.
På Vallresknuten.
På Vallresknuten.
Søraust mot Myrfjell 905 i bakgrunnen.
Søraust mot Myrfjell 905 i bakgrunnen.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.